25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

79

norsk; men den har vist merkelig liten evne til å hevde sig i skrift, og synes i

det hele også å gjøre sig mindre og mindre gjeldende tid for tid. (S. 46)

Eigentleg var framlegget å ta ut honom i nynorsk og ham i bokmål, slik at begge

målformene skulle få han som einaste objektform. Rettskrivinga frå 1938 følgde ikkje

tilrådinga på dette punktet, og honom har vore jamstilt form fram til i dag.

Talemålsgrunnlag

Framlegg til læreboknormal 1957 peiker på at mange norske dialektar skil mellom

subjekt- og objektform av dette pronomenet. “Hanom, honom og forskjellige former av

disse ord er vidt utbredt.” (S. 92) Han er utbreidd i Nord-Noreg, elles finn ein dels han

og dels honom i dei andre landsdelane.

Utbreiinga av skiljet han – honom er annleis enn ho – henne, og det kjem av at

mange dialektsystem har utgangspunkt i det norrøne nominativ-akkusativskiljet, der ein

altså hadde hann – hann mot hon – hana.

Skriftmålsgrunnlag

Forma honom er svært lite bruk i skrift. Ettersom det ikkje er gjort systematiske

granskingar av korleis bruken av objektforma er, kan lite seiast eksakt. Men ei

jamføring med hokjønnspronomena i Nynorsk frekvensordbok viser at honom står svakt

som objektform: 99,6 % han og 0,4 % honom mot 81,4 % ho og 18,6 % henne.

Vurdering

a) Talemålsutbreiinga. Utbreiinga av forma honom er ikkje svært stor, og ho minkar

fort der dativsystemet går ut or bruk.

b) Skriftleg bruk. Bruken av honom er forsvinnande liten.

c) Den indre bygnaden. Jamfør under førre punktet om ho–henne.

d) Ordgruppe. Her er det ikkje tale om ordgruppe.

e) Som identitetsuttrykk. Forma honom er ei svært tydeleg markering av tradisjonell stil.

f) Nytt Framlegget representerer ikkje noko nytt ut frå gjeldande norm.

Konklusjon

Talemåls- og skriftmålsbruken er ikkje sterke argument for å halda på forma honom,

skriftmålsbruken talar kanskje for det motsette. Men me legg her avgjerande vekt på det

grammatiske systemet: Når me opnar for eit kasusskilje i hokjønnspronomenet, bør det

også kunne brukast i hankjønn. Det er då òg talemålsgrunnlag for å behandla dei to

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!