25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

77

klammeformstatus. Forma me har nok ein ekstrafunksjon som markering av tradisjonell

nynorsk, slik at somme med talemålsgrunnlag for vi bruker forma me i skrift.

f) Nytt Jamført med den gjeldande norma er det ingenting nytt i dette framlegget.

Konklusjon

Bruken både i skrift og tale og den sterke identitetsmarkeringa som blir lagd i dette

pronomenet, tilseier at nynorsknorma held på både vi og me.

2.2.3.b ho/henne i objektform

Status i dag

Både ho og henne kan i dag brukast som objektform.

Framlegg

Valfridomen mellom personleg pronomen 3. pers. eintal hokjønn objektform ho og

henne blir halden ved lag.

Det skal framleis vera valfridom mellom dei to formene i objektforma.

Normhistorikk

Som objektform kom ho inn i landsmålet i 1917.

Talemålsgrunnlag

Nokre stader har ein objektforma hena, hæna (Telemark) og hæ (Setesdal), andre stader

er formene hinnje eller 'ne, hena eller 'na. Desse formene skriv seg dels frå ei gammal

akkusativform hana, dels frå den norrøne dativforma henni. På Sentral-Austlandet kan

ein høyra forma henner, som går attende på ei genitivsform, i både subjekt- og

objektfunksjonen, men mangstad med den særfunksjonen å vera framhevande

pronomen.

Å skilja mellom ei subjektform og ei objektform i dette pronomenet er mest

utbreidd på Vestlandet og Austlandet og i Nord-Noreg. I dialektområde med dativ fell

akkusativforma saman med nominativsforma ho, medan det er dativforma som skil seg

ut, f.eks. i henna.

Skriftmålsgrunnlag

Det har ikkje vorte skikkeleg granska.

Vurdering

a) Talemålsutbreiinga. Talemålet har stor utbreiing av både eit skilje mellom subjektog

objektform og av eit samanfall.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!