Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

sprakradet.no
from sprakradet.no More from this publisher
25.01.2015 Views

74 nyare (guffen – guffe/guffi/guffent) i den same bøyingsklassen. Vi reknar det som enklast å halda på systemet med at adjektiv klårt avleidde av eller samansette med sterke partisipp følgjer bøyinga for partisippa, som vil seia at dei ikkje kan ha -ent-forma i inkjekjønn. Forma med -i i hokjønn er ein del av i-målet og følgjer det. At forma med -a ikkje er tillaten i norma, er systemavvik ut frå eit stort dialektområde, og det gjer at slike former dukkar opp av og til i skrift. Men me har likevel ikkje funne det ynskjeleg å innføra ei heilt ny form i norma; det har også vore konklusjonen ved tidlegare drøftingar. Desse to adjektiva får denne bøyinga: liten – lita/liti – lite – små(e) eigen – eiga/eigi – eige – eigne 2.2.3 Pronomen 2.2.3.a me/vi i subjektform Status i dag Me og vi er i dag jamstilte hovudformer. Framlegg Valfridomen mellom personleg pronomen 1. pers. eintal me og vi blir halden ved lag. Normhistorikk Ivar Aasen fører i grammatikken 1864 opp me (vi), og gjer kort greie for bruken av me, mid, mi, mø, vi og oss i målføra. I ordboka står begge formene, men forklaringar om utbreiing osv. står under me. Ved vi står berre tilvising til me. Landsmålsordlistene førte opp både me og vi, slik t.d. Hægstad 1879: "me (elder vi)", og ved rettskrivingsendringane for landsmål i 1901 vart begge formene oppførte som jamstilte. Tilrådinga frå 1935 føreslo å ta me heilt ut or rettskrivinga og gjera vi til obligatorisk form: Når én av disse formene skal oppgis, kan det ikke være tvilsomt at det er me som bør vike. Og dersom det først er klart at det er vi som vil komme til å vinne i det lange løp, er det lite gagn i å holde oppe en klammeform enda et tiår eller to. Her òg vil det da bli fullt samsvar mellom nno. og bm. i et vanlig og viktig ord. (S. 46) I Tilleggstilråding 1936 er me og vi oppførte som valfrie former (s. 10), og var då tenkte å “være like gode, slik at ikke somme av dem skal settes i en klasse for sig og gi

75 grunnlag for en særskilt ‘læreboknormal’”. (Tilråding 1935:4) Men me fekk klammeformstatus etter 1938, og 1957-framlegget føreslo inga endring i det. Spørsmålet om me skulle gjerast til jamstilt form i nynorsk var oppe til drøfting i Språkrådet i 1976 etter at det var laga ei utgreiing om saka. Men det vart vedteke å ikkje gjera noka endring. I 1983 kom derimot me attende som jamstilt hovudform. Talemålsgrunnlag I målføra i dag er former med m vanlege i midlandsmåla og på Sør- og Vestlandet, jf. me (på Sør-Vestlandet, i Telemark, Numedal, Hallingdal og Sør-Trøndelag), mi (Sunnmøre, Sogn, delar av Agder, står sterkt i m.a. bymåla der), mid (Sunnmøre). Alle desse formene har truleg opphav i gammalnorsk total mit. Forma vi eller ve finst på Austlandet, i Fjordane (Vestlandet), i mykje av Trøndelag og i Nord-Noreg. Forma ve finst helst i delar av Hedmark og i delar av Østfold. Nordlege delar av Gudbrandsdalen og eit tilgrensande område nord og vest for Dovre har forma oss som subjektog objektform. Omvelting i næringslivet og stor folketilflytting har gjeve nytt “mål” med m.a. pronomenet vi på industristader som Høyanger, Odda og Tyssedal (men ikkje Årdal). Elles er det døme på generasjonsskilnad i bruken av me/vi: “Yngre Os-mål har vi” (Helge Omdal i brev til Språkrådet 9.2.76, og “i Øygards-måla i ytre Nordhordland her vi spreidd seg noko og har trengt undan me. Det same har ein døme på frå strok kring industristad/tettbygd/by med forma vi.” (Gunnvor Rundhovde i brev til Språkrådet 3.5.74) Arnold Dalen skriv i Trøndermål (s. 30): “I nedre Orkdalen og Meråker blir mi meir og meir erstatta av vi, som er den vanlege form av pronomenet i Nord-Trøndelag og elles i fosenmåla og i bygdene rundt Trondheim.” Vi rår i “det høgre talemålet” i fleire byar og tettstader som elles har me, slik er det i Stavanger og Haugesund (Helge Omdal 1967:98, 99). Skriftmålsgrunnlag Brukarane av den såkalla midlandsnormalen skreiv me. Ettersom landsmålsforfattarane på 1800- og i førstninga av 1900-talet brukte me, vart denne forma ei merkeform for landsmålet, og ho var einerådande i heile det nittande hundreåret i så å seia alt som som vart skrive på Aasen-normalen. Går me fram til rettskrivingsundersøkinga hjå nynorskforfattarane, har seks av dei

75

grunnlag for en særskilt ‘læreboknormal’”. (Tilråding 1935:4) Men me fekk klammeformstatus

etter 1938, og 1957-framlegget føreslo inga endring i det.

Spørsmålet om me skulle gjerast til jamstilt form i nynorsk var oppe til drøfting i

Språkrådet i 1976 etter at det var laga ei utgreiing om saka. Men det vart vedteke å ikkje

gjera noka endring. I 1983 kom derimot me attende som jamstilt hovudform.

Talemålsgrunnlag

I målføra i dag er former med m

vanlege i midlandsmåla og på Sør- og

Vestlandet, jf. me (på Sør-Vestlandet, i

Telemark, Numedal, Hallingdal og

Sør-Trøndelag), mi (Sunnmøre, Sogn,

delar av Agder, står sterkt i m.a.

bymåla der), mid (Sunnmøre). Alle

desse formene har truleg opphav i

gammalnorsk total mit.

Forma vi eller ve finst på

Austlandet, i Fjordane (Vestlandet), i

mykje av Trøndelag og i Nord-Noreg.

Forma ve finst helst i delar av

Hedmark og i delar av Østfold.

Nordlege delar av Gudbrandsdalen og

eit tilgrensande område nord og vest

for Dovre har forma oss som subjektog

objektform.

Omvelting i næringslivet og stor folketilflytting har gjeve nytt “mål” med m.a.

pronomenet vi på industristader som Høyanger, Odda og Tyssedal (men ikkje Årdal).

Elles er det døme på generasjonsskilnad i bruken av me/vi: “Yngre Os-mål har vi”

(Helge Omdal i brev til Språkrådet 9.2.76, og “i Øygards-måla i ytre Nordhordland her

vi spreidd seg noko og har trengt undan me. Det same har ein døme på frå strok kring

industristad/tettbygd/by med forma vi.” (Gunnvor Rundhovde i brev til Språkrådet

3.5.74) Arnold Dalen skriv i Trøndermål (s. 30): “I nedre Orkdalen og Meråker blir mi

meir og meir erstatta av vi, som er den vanlege form av pronomenet i Nord-Trøndelag

og elles i fosenmåla og i bygdene rundt Trondheim.” Vi rår i “det høgre talemålet” i

fleire byar og tettstader som elles har me, slik er det i Stavanger og Haugesund (Helge

Omdal 1967:98, 99).

Skriftmålsgrunnlag

Brukarane av den såkalla midlandsnormalen skreiv me. Ettersom landsmålsforfattarane

på 1800- og i førstninga av 1900-talet brukte me, vart denne forma ei merkeform for

landsmålet, og ho var einerådande i heile det nittande hundreåret i så å seia alt som som

vart skrive på Aasen-normalen.

Går me fram til rettskrivingsundersøkinga hjå nynorskforfattarane, har seks av dei

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!