25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

74

nyare (guffen – guffe/guffi/guffent) i den same bøyingsklassen.

Vi reknar det som enklast å halda på systemet med at adjektiv klårt avleidde av

eller samansette med sterke partisipp følgjer bøyinga for partisippa, som vil seia at dei

ikkje kan ha -ent-forma i inkjekjønn.

Forma med -i i hokjønn er ein del av i-målet og følgjer det. At forma med -a ikkje

er tillaten i norma, er systemavvik ut frå eit stort dialektområde, og det gjer at slike

former dukkar opp av og til i skrift. Men me har likevel ikkje funne det ynskjeleg å

innføra ei heilt ny form i norma; det har også vore konklusjonen ved tidlegare

drøftingar.

Desse to adjektiva får denne bøyinga:

liten – lita/liti – lite – små(e)

eigen – eiga/eigi – eige – eigne

2.2.3 Pronomen

2.2.3.a me/vi i subjektform

Status i dag

Me og vi er i dag jamstilte hovudformer.

Framlegg

Valfridomen mellom personleg pronomen 1. pers. eintal me og vi blir halden ved lag.

Normhistorikk

Ivar Aasen fører i grammatikken 1864 opp me (vi), og gjer kort greie for bruken av me,

mid, mi, mø, vi og oss i målføra. I ordboka står begge formene, men forklaringar om

utbreiing osv. står under me. Ved vi står berre tilvising til me.

Landsmålsordlistene førte opp både me og vi, slik t.d. Hægstad 1879: "me (elder

vi)", og ved rettskrivingsendringane for landsmål i 1901 vart begge formene oppførte

som jamstilte. Tilrådinga frå 1935 føreslo å ta me heilt ut or rettskrivinga og gjera vi til

obligatorisk form:

Når én av disse formene skal oppgis, kan det ikke være tvilsomt at det er me

som bør vike. Og dersom det først er klart at det er vi som vil komme til å

vinne i det lange løp, er det lite gagn i å holde oppe en klammeform enda et

tiår eller to. Her òg vil det da bli fullt samsvar mellom nno. og bm. i et

vanlig og viktig ord. (S. 46)

I Tilleggstilråding 1936 er me og vi oppførte som valfrie former (s. 10), og var då tenkte

å “være like gode, slik at ikke somme av dem skal settes i en klasse for sig og gi

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!