25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

72

stør opp om denne forma (54–89 %). Informantane frå dei to Agder-fylka har ei

nokolunde lik fordeling på ope og opent. Dei fleste bymål har endinga -ent.

Informantane skulle vidare gje opplysning om kva for inkjekjønnsform dei ville

bruka av adjektiva guffen og gebrokken, dvs. i adjektiv som ofte høyrer til den spesielle

undergruppa. 60 % ville ha endinga -ent i begge, medan 14 % meinte dei sa guffe, men

gebrokkent. Éin informant ville ha guffent og gebrokke. Berre 3,5 % ville ha endinga -e i

begge. Mange sa at dei ikkje nytta desse orda og difor ikkje hadde opplysningar om

bruken. Når det gjeld den geografiske utbreiinga, ville informantane frå fylka Akershus,

Oslo, Vestfold, Østfold, Hedmark, Buskerud, Troms og Finnmark berre ha endinga med

-ent. Tal frå andre fylke viser at 81 % av informantane frå Møre og Romsdal, 50 % frå

Sogn og Fjordane og om lag 30 % frå Sør-Trøndelag, Oppland og Rogaland ville brukt

formene guffe og gebrokkent. Undersøkinga nemner elles at guffe og gebrokke er

rapportert på Vestlandet.

I hokjønn er det først og fremst vestlandsk og midlandsk som har eiga ending,

men på Sør-Vestlandet er det tydeleg tendens i dag til at forma fell saman med

hankjønnsforma på -en. Der hokjønnet har eiga form, følgjer ho endinga i sterke

hokjønnssubstantiv, altså boko ligg opo, boki ligg opi, boka ligg opa, osv.

Skriftmålsgrunnlag

Av Nynorsk frekvensordbok går det fram at adjektivet ope viser denne fordelinga på

former i inkjekjønn: ope 80,6 %, opi 1,6 %, opent 17,7 %.

Hjå dei undersøkte 30-årsforfattarane dominerer inkjekjønnsforma på -e, ho var då

òg eineform i rettskrivinga den gongen. Åsmund Sveen brukte -in i grunnforma og -i i

inkjekjønnsforma. Det finst eitt belegg på formene kristent (Sigurd Kvåle), nakent

(Tarjei Vesaas) og åpent (Lars Berg), samstundes som Vesaas brukte nake, ope og vake,

og det var to belegg på åpe hjå Berg. Sjølv om -ent-forma var tillaten som klammeform

for dei ni 50-årsforfattarane, fann Vikør berre eitt døme på den forma, nakent (hjå

Vegard Vigerust, som dessutan har ope). Først hjå dei ti forfattarane i 70-åra viser

klammeformene på -ent seg for fullt. Brodal, Forfang, Hoem, Obrestad og Solheim ser

ut til å føretrekkja opent/åpent, medan Sande og Sagen har einskildinnslag av -entformer.

Ingen av dei undersøkte forfattarane frå 50- og 70-åra brukte inkjekjønnsform

på -i.

Vurdering

a)Talemålsutbreiinga. Det er klårt at utbreiinga av -ent i inkjekjønn står nokså sterkt

jamsides -e, medan -i har mykje mindre plass. Særgruppa med f.eks. ullen har eit

dominerande mønster med -ent.

b) Skriftleg bruk. I skriftmålet har -ent fått stor plass i den seinare tida sjølv om forma

har hatt berre klammeformstatus.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!