25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

71

opp valfri -e/-i, og -ent kom inn som klammeform. I 1959 vart dette systemet ført

vidare. Det vart då vurdert om [-ent]-forma skulle bli hovudform, men tanken på tre

lærebokformer heldt nemnda attende frå å gjennomføra det.

I 1983 vart det vedteke at adjektiv på -en som er danna til eller avleidde av

partisipp, skal bøyast utan klammeform på [-ent] i inkjekjønn. Dette galdt

samansetjingar som kjærkom(m)en, velkom(m)en, innefrosen, halveten, makketen,

småeten, åleten, lettfengen, hardfengen, giftfengen, einslungen, mangslungen, og dei

usamansette fengen og eten i tydinga ‘som et mykje’.

I 1985 fekk adjektiv som gebrokken og gedigen regelrett inkjekjønnsbøying (-e/-i

[-ent]), dei hadde fram til 1985 hatt ymse oppføringar i ordlistene; Hellevik hadde i sine

ordlister obligatorisk ent-form i inkjekjønn. Før 1959 har me ikkje funne det oppført i

ordlister.

Endringane i denne adjektivbøyinga har vore slik:

Aasen opi f. opet n. kristet n. halvetet n.

1901 ope kriste halvlete

1917 opi

[open]

1938 open ope/opi [opent] kriste/kristi [kristent] halvete/halveti [halvetent]

[opi]

1959 kriste/kristi [kristent]

gebrokkent

1983 halvete/halveti

1985 kriste/kristi [kristent]

gebrokke/gebrokki

[gebrokkent]

Framlegg

2000

Talemålsgrunnlag

Inkjekjønnsendinga med -e (ope) står sterkt på Vestlandet, dels Austlandet; opi finst

dels på Austlandet og i Trøndelag, mens opent er vanleg på Austlandet, dels på

Vestlandet, i Trøndelag og Nord-Noreg. Det geografiske biletet av dette

hovudmønsteret er altså litt "kaotisk". TALE99 bad folk om opplysningar om kva

talemålsform dei ville ha hatt på adjektivet i “eit ope hus”. Opent var valt av 44,5 % av

informantane, 43 % ville hatt forma ope og 3 % ville hatt opi. (6,5 % ville brukt forma

oppe/oppi. Det blir nemnt at det er ei eldre form i Trøndelag, Oppland, Hedmark og

Akershus.) Informantane frå Hordaland og Sogn og Fjordane har alle ope-forma, medan

89 % av informantane frå Rogaland og 94 % frå Møre og Romsdal vil ha den same

forma. Like avgjorde i valet av opent er informantar frå Østfold, Vestfold, Troms og

Finnmark. Også dei spurde frå Nordland, Oslo, Akershus, Buskerud og Nord-Trøndelag

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!