25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

69

Skriftmålsgrunnlag

Vikør konkluderer i Rettskriving hos nynorskforfattarar med at denne bøyingstypen,

som omfattar så få, men frekvente ord, har vore problematisk å handtera for dei 30-

årsforfattarane som ikkje har stått heilt rotfaste i tradisjonen – “i talemålet dei fleste

stader er han då òg på veg ut som eigen kategori, og den utviklinga må vel ha vore godt

i gang alt i trettiåra og tidlegare”. Skiftingane er store, og fleire av forfattarane vaklar.

Femtiårsforfattarane derimot plasserer han klårt i tre grupper: Fire av dei følgjer det

tradisjonelle mønsteret auga – auga – augo – augo fullt ut. To følgjer så nokolunde det

nye systemet auge – auget – auge – auga, medan dei to siste fell i ei mellomgruppe med

kvar sitt individuelle mønster. Det kan sjå ut til at formbruken er støare i denne

forfattargenerasjonen enn i den førre, og at det tradisjonelle systemet er styrkt.

Hjå fem av forfattarane frå 70-åra finn me tre klårt skilde bøyingsmønster.

Fløgstad og Heie følgjer det tradisjonelle mønsteret, Brodal og Hoem det “moderne”

med -e – -et – -e – -a og Forfang vel eit meir “radikalt” (etter Vikør) mønster med -e – -

et – -er – -ene. Hovland og Sagen nyttar òg langt på veg det siste systemet. Hjå dei

andre forfattarane er det meir inkonsekvens i bøyingsmønsteret.

Vurdering

a)Talemålsutbreiinga. Sjølv om desse tre orda blir bøygde for det meste som eit vanleg

inkjekjønnsord, står den tradisjonelle bøyinga med -a – -a – -o – -o så sterkt at ho

fortener plass i nynorsknorma.

b) Skriftleg bruk. I skriftleg bruk er det tydeleg meir jamvekt mellom dei to

bøyingsmåtane.

c) Den indre bygnaden. Dei tre orda representerer eit eige ekstra bøyingsmønster, som

er enkelt, men som har det særdraget at det ikkje skil mellom ubunden og bunden form.

Dessutan er det einaste staden i bøyingsverket at ein har endinga -o.

d) Ordgruppe. Desse orda har ikkje anna felles enn at dei gjeld kroppsdelar.

e) Som identitetsuttrykk. I tradisjonell nynorsk er den "klassiske" bøyinga eit viktig

særdrag. Den vanlege inkjekjønnsbøyinga fungerer nok i dag som heller nøytral.

f) Nytt Jamført med den gjeldande rettskrivinga er det ikkje noko nytt i dette

framlegget.

Konklusjon

Her er både utbreiinga i talemålet og i skriftmålet så sterk at det er argument godt nok til

at begge bøyingane må få stå vidare i nynorsknorma. At den eine bøyingsmåten tydeleg

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!