25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

68

Normhistorikk

Ei lita gruppe inkjekjønnsord har frå gammalt hatt ei særbøying, gjerne kalla svak (eller

linn) inkjekjønnsbøying. Hjå Aasen (1864) gjaldt det desse orda: auga, øyra, nyra,

hjarta, okla, noda, nysta, eista. Seinare vart også hyrna rekna hit, medan Aasen reknar

det som hokjønnsord. Etter kvart er fleire av orda flytte ut av denne spesialgruppa og

over til anten den vanlege inkjekjønnsbøyinga (node, nyste [nøste]) eller til valfri hoeller

vanleg inkjekjønnsbøying (eiste, nyre, okle), slik at gruppa etter 1959 har hatt berre

dei tre: auga, hjarta, øyra.

Den gamle bøyinga var -a – -a – -o – -o. Den vanlege inkjekjønnsbøyinga, altså -e

– -et – -e – -a, kunne brukast på denne gruppa etter rettskrivinga i 1917, og orda auga,

nysta og øyra er i Nynorsk ordbok av Matias Skard i 1920 førte opp som

klammeformer. 1935-tilrådinga argumenterte for at det dialektgeografisk ikkje var tvil

om at det er fleirtalsformene auger – augene som går vidast ut over landet: “de fins i

nord og sør, i øst og vest, i “høgnorske” mål likeså vel som i “flatnorske”. Det må da

være god grunn til å gi dem rum i skriftmålet òg, …”. Men 1938-rettskrivinga jamstilte

dei to bøyingsmønstra for dei svake inkjekjønnsorda. Framlegg til læreboknormal 1957

tala for ei forenkling: Dei svakt bøygde orda skulle koma inn under hovudregelen for

bøying av inkjekjønnsord, og mønsteret som hittil hadde vore klammeform, -e – -et – -e

– -a, skulle såleis heretter vera eineform i lærebøkene. Det gamle bøyingssystemet

skulle frå no av få klammeformstatus. Men også 1959-normalen jamstilte dei to

bøyingsmønstera for auga, hjarta og øyra. Nyste [nøste] kom derimot frå då av i gruppa

med sterke inkjekjønnsord.

Nynorskseksjonen i Norsk språkråd gjekk på rådsmøtet i 2000 inn for at bøyinga -

a – -a – -o – -o av auga, hjarta og øyra skulle ha klammeformstatus.

Endringane i bøying (her illustrert med bunden form eintal og fleirtal) har vore slik:

Aasen Auga Augo Nysta Nysto

1901

1917 auga/auget augo/auga nysta/nystet nysto/nysta

1938

1959 nystet nysta

Framlegg 2000 auget [auga] auga [augo]

Talemålsgrunnlag

Den klassiske bøyinga for denne gruppa møter me i fleire område, først og fremst

midlandsmåla og Indre Agder. På Vestlandet finst ho på Voss og i Sunnfjord og

Nordfjord og litt i Sogn. I trøndersk er ho også belagt frå nokre enkeltbygder på

Nordmøre (Aure) og i Trøndelag (Oppdal, Snillfjorden, Steinkjer og Stjørdalen). Men

det dominerande mønsteret er at desse orda har gått inn i den vanlege

inkjekjønnsbøyinga, der orda framleis er inkjekjønnsord. Overgang til hokjønn går også

vidt.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!