Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

sprakradet.no
from sprakradet.no More from this publisher
25.01.2015 Views

66 området er det t.d. vanleg å normera stadnamna til i-mål. I Nordhordland er endinga -æ, og her har ein no gått bort frå å normera til i-former pga. reaksjonar på at i-endingane ikkje kjendest som uttrykk for det lokale talemålet. I andre dialektområde med æ- ending, f.eks. Romsdal, Nordmøre, Helgeland og Rana, har stadnamna aldri vorte normerte til i-mål. Det skjer heller ikkje der den sterke endinga er -a. Skriftmålsgrunnlag I skrift står i-formene svært svakt. Av Nynorsk frekvensordbok går det fram at i-ending finst i 1,3 % i dei aktuelle bøyingsformene, og endinga -a står då i resten, dvs. i 98,7 %. (Dette er utrekna på grunnlag av opplysningar for dei nokså frekvente orda bok, hand, sak, sol og tid.) Me finn -a i bunden form eintal sterkt hokjønn og bunden form fleirtal inkjekjønn hjå sju av dei ti 30-årsforfattarane som Vikør presenterer i Rettskriving hos nynorskforfattarar. Dei ni undersøkte forfattarane frå 50-åra og dei ti frå 70-åra bruker alle a-ending. Av Framlegg til læreboknormal 1957 går det fram at ein stikkprøve teken i så å seia all skjønnlitteratur som kom ut på nynorsk i 1955 (19 verk), viser at a- artikkelen i hokjønn er gjennomført. Det blir nemnt at Tarjei Vesaas har gått over til a- form, sjølv om målføregrunnlaget hans ligg nærast i-form, og Johannes Heggland, som lenge brukte i-ending, gjekk over til -a frå og med romanen Gard frå 1951. Vurdering a)Talemålsutbreiinga er nokså stor for i-formene, særleg i tydinga delt hokjønnsbøying. b) Skriftleg bruk. Den skriftlege bruken av i-formene er i dag svært liten. c) Den indre bygnaden. Det er her tale om eit sentralt strukturelt skilje i det nynorske bøyingsverket. Som me har sett, gjeld det delt eller udelt bøying i eintal av hokjønnsorda, men òg om ei samsvarande endinga i bunden form fleirtal i inkjekjønn. Dessutan er det slik at dialektar som skil mellom hokjønn og hankjønn i adjektiv av typen open, bruker endinga frå sterkt hokjønn her, altså f.eks. boki er opi, boka er opa. (Det siste samsvaret har ikkje vore godkjent i nynorsk.) c) Ordgruppe. I-formene gjer det aktuelt å bruka skiljet mellom sterke og svake hokjønnsord, og såleis skil ein altså ut ei eiga gruppe ord. Dei sterke hokjønnsorda, som altså kan ha både -a og -i i bestemt form, har fleire drag felles utanom den aktuelle endinga: Dei endar ikkje på trykklett vokal i oppslagsforma (dvs. ubunden form eintal) med unntak av mamma, diva og nokre andre. Oftast er stamma på ei staving. Dei får einstavings tonelag/tonem 1 i bestemt form eintal, som ein gjerne skriv slik: ´sola, mot `visa, som altså har tonem 2. Såleis er det ikkje vanskeleg å skilja ut orda som høyrer til i denne gruppa.

67 e) Som identitetsuttrykk. I-målet er sterkaste markøren for det "klassiske nynorske", og for somme er det nok også ein regional markør. Sjølv der f.eks. avisene bruker a-mål, kjem nok i-målet fram når ein skal ha artiklar som skal appellera til eller visa til den lokale kulturen. f) Nytt Framlegget innfører ikkje noko nytt, anna enn at i-målet no kan få eit større bruksområde. Konklusjon Prosenttala ovanfor viser at i-formene står svært svakt i nynorsken i dag trass i talemålsgrunnlaget. Det er nok dels eit resultat av at rettskrivingspolitikken sette i-formene i klammer og gjorde det dermed etter kvart til eit stilmerke for klassisk eller tradisjonalistisk nynorsk. Lokalt blir det litt brukt, men sjølv i område med i-målsdialektar dominerer a-bøyinga i skriftleg tilfang. Det gjer at i-målet truleg ikkje fungerer så sterkt som regionalmerke lenger; og det er nok ein konsekvens nettopp av at forma ikkje er godkjend i læreboknormalen. Mest er i-målet avgrensa til tradisjonsmarkering. Det siste kan vera grunn god nok til å opna for dette språkdraget i rettskrivinga vidare framover. I-målet vil nok alltid ha svært avgrensa oppslutning, men ein bør respektera det som markør innanfor ein romsleg nynorsk. Ikkje uviktig er det at svært mange stadnamn står i bestemt form eintal, og dermed er i-endinga aktuell i svært mange namn så lenge nynorsknorma aksepterer i-målet. (Stadnamnlova knyter skrivemåtane av dei lokale formene til rettskrivinga.) Nynorsken bør ta vare på sambandet med slike viktige lokale identitetsuttrykk. Mindretalsframlegget frå 13.5.02 gjekk inn for å ta i-formene ut or nynorsknorma. 2.2.1.e Bøyingane i auga-klassen Status i dag Dei tre orda auge, hjarte, øyre kan etter gjeldande rettskriving følgja to bøyingsmønster: e – et – e – a (auge – auget – auge – auga) a – a – o – o (auga – auga – augo – augo) Det første bøyingsmønsteret er det vanlege inkjekjønnsmønsteret. Framlegg Orda i denne klassen skal halda på valfridomen med å kunna bøyast både etter den vanlege inkjekjønnsbøyinga og etter den spesielle bøyinga nemnd ovanfor.

67

e) Som identitetsuttrykk. I-målet er sterkaste markøren for det "klassiske nynorske", og

for somme er det nok også ein regional markør. Sjølv der f.eks. avisene bruker a-mål,

kjem nok i-målet fram når ein skal ha artiklar som skal appellera til eller visa til den

lokale kulturen.

f) Nytt Framlegget innfører ikkje noko nytt, anna enn at i-målet no kan få eit større

bruksområde.

Konklusjon

Prosenttala ovanfor viser at i-formene står svært svakt i nynorsken i dag trass i talemålsgrunnlaget.

Det er nok dels eit resultat av at rettskrivingspolitikken sette i-formene

i klammer og gjorde det dermed etter kvart til eit stilmerke for klassisk eller tradisjonalistisk

nynorsk. Lokalt blir det litt brukt, men sjølv i område med i-målsdialektar

dominerer a-bøyinga i skriftleg tilfang. Det gjer at i-målet truleg ikkje fungerer så sterkt

som regionalmerke lenger; og det er nok ein konsekvens nettopp av at forma ikkje er

godkjend i læreboknormalen. Mest er i-målet avgrensa til tradisjonsmarkering. Det siste

kan vera grunn god nok til å opna for dette språkdraget i rettskrivinga vidare framover.

I-målet vil nok alltid ha svært avgrensa oppslutning, men ein bør respektera det som

markør innanfor ein romsleg nynorsk. Ikkje uviktig er det at svært mange stadnamn står

i bestemt form eintal, og dermed er i-endinga aktuell i svært mange namn så lenge

nynorsknorma aksepterer i-målet. (Stadnamnlova knyter skrivemåtane av dei lokale

formene til rettskrivinga.) Nynorsken bør ta vare på sambandet med slike viktige lokale

identitetsuttrykk.

Mindretalsframlegget frå 13.5.02 gjekk inn for å ta i-formene ut or nynorsknorma.

2.2.1.e Bøyingane i auga-klassen

Status i dag

Dei tre orda auge, hjarte, øyre kan etter gjeldande rettskriving følgja to

bøyingsmønster:

e – et – e – a (auge – auget – auge – auga)

a – a – o – o (auga – auga – augo – augo)

Det første bøyingsmønsteret er det vanlege inkjekjønnsmønsteret.

Framlegg

Orda i denne klassen skal halda på valfridomen med å kunna bøyast både etter den

vanlege inkjekjønnsbøyinga og etter den spesielle bøyinga nemnd ovanfor.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!