25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

66

området er det t.d. vanleg å normera stadnamna til i-mål. I Nordhordland er endinga -æ,

og her har ein no gått bort frå å normera til i-former pga. reaksjonar på at i-endingane

ikkje kjendest som uttrykk for det lokale talemålet. I andre dialektområde med æ-

ending, f.eks. Romsdal, Nordmøre, Helgeland og Rana, har stadnamna aldri vorte

normerte til i-mål. Det skjer heller ikkje der den sterke endinga er -a.

Skriftmålsgrunnlag

I skrift står i-formene svært svakt. Av Nynorsk frekvensordbok går det fram at i-ending

finst i 1,3 % i dei aktuelle bøyingsformene, og endinga -a står då i resten, dvs. i 98,7 %.

(Dette er utrekna på grunnlag av opplysningar for dei nokså frekvente orda bok, hand,

sak, sol og tid.)

Me finn -a i bunden form eintal sterkt hokjønn og bunden form fleirtal inkjekjønn

hjå sju av dei ti 30-årsforfattarane som Vikør presenterer i Rettskriving hos

nynorskforfattarar. Dei ni undersøkte forfattarane frå 50-åra og dei ti frå 70-åra bruker

alle a-ending. Av Framlegg til læreboknormal 1957 går det fram at ein stikkprøve teken

i så å seia all skjønnlitteratur som kom ut på nynorsk i 1955 (19 verk), viser at a-

artikkelen i hokjønn er gjennomført. Det blir nemnt at Tarjei Vesaas har gått over til a-

form, sjølv om målføregrunnlaget hans ligg nærast i-form, og Johannes Heggland, som

lenge brukte i-ending, gjekk over til -a frå og med romanen Gard frå 1951.

Vurdering

a)Talemålsutbreiinga er nokså stor for i-formene, særleg i tydinga delt hokjønnsbøying.

b) Skriftleg bruk. Den skriftlege bruken av i-formene er i dag svært liten.

c) Den indre bygnaden. Det er her tale om eit sentralt strukturelt skilje i det nynorske

bøyingsverket. Som me har sett, gjeld det delt eller udelt bøying i eintal av

hokjønnsorda, men òg om ei samsvarande endinga i bunden form fleirtal i inkjekjønn.

Dessutan er det slik at dialektar som skil mellom hokjønn og hankjønn i adjektiv av

typen open, bruker endinga frå sterkt hokjønn her, altså f.eks. boki er opi, boka er opa.

(Det siste samsvaret har ikkje vore godkjent i nynorsk.)

c) Ordgruppe. I-formene gjer det aktuelt å bruka skiljet mellom sterke og svake

hokjønnsord, og såleis skil ein altså ut ei eiga gruppe ord. Dei sterke hokjønnsorda,

som altså kan ha både -a og -i i bestemt form, har fleire drag felles utanom den

aktuelle endinga: Dei endar ikkje på trykklett vokal i oppslagsforma (dvs. ubunden

form eintal) med unntak av mamma, diva og nokre andre. Oftast er stamma på ei

staving. Dei får einstavings tonelag/tonem 1 i bestemt form eintal, som ein gjerne

skriv slik: ´sola, mot `visa, som altså har tonem 2. Såleis er det ikkje vanskeleg å

skilja ut orda som høyrer til i denne gruppa.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!