25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

64

Konklusjon

Nynorsk praksis og norsk talemål gjer det rimeleg å halda på valfridomen i denne

bøyingsklassen. Å ta ut klammeformene ville ha ført til ei komplisering av

nynorsknorma, for mange måtte då "pugga" kva ord som må ha hankjønnsbøying i

fleirtal. Kva ord som går inn i denne gruppa, er lite sjølvsagt, og samsvaret med kvar

enkelt dialekt er ikkje heilt godt. Systemet med valfridomen slik han er i dag,

representerer ein pedagogisk lette. Alle hokjønnsord unnatekne dei på -(n)ing kan altså

følgja hovudmønsteret med -er i fleirtal.

2.2.1.d -a/-i i bunden form eintal av sterke hokjønnsord og bunden form fleirtal av

inkjekjønnsord (typen soli, taki)

Status i dag

Bunden form eintal av sterke hokjønnsord og bunden form fleirtal av inkjekjønnsord har

-a som hovudform og [-i] som klammeform.

Framlegg

Valfridomen i desse bøyingskategoriane skal haldast ved lag. (Derimot føreslår me å ta

ut fleirtalsformene på [-or] og [-one], sjølv om dei normhistorisk ofte har vorte

behandla saman med i-formene, sjå pkt. 3.2.1.b)

Normhistorikk

I 1917 vart bøyingssuffikset i sterke hokjønnsord -a jamstilt med -i. Men dei fleste

skulebøkene heldt på den tradisjonelle i-forma. Dei fleste nynorskskulane på

Austlandet, i Trøndelag og i Nordland tok i undervisninga opp a-forma, medan skular

vest og sør i landet for det meste heldt på i-forma – dels fordi ho samsvara med

målføret, dels fordi det var tradisjon for å bruka denne forma. 1934-tilrådinga peikte på

at a-forma hadde vunne stor plass i nynorsk litteratur. Ein grunn kunne vera at a-

endinga står sterkast i dialektane, ein annan at hokjønnsformer på -a etter kvart hadde

fått plass i bokmålet. Rettskrivingsnemnda heldt fram at a-endinga var den einaste

hokjønnsendinga som kunne bli sams for dei to målformene, og rådde difor til å gjera

ho til eineform i nynorsk. Dette framlegget vekte mykje motstand og kritikk, og i Ny

rettskriving 1938 er i-ending oppført som klammeform, med høve for elevane til å

bruka ho i dei skriftlege arbeida sine.

Framlegg til læreboknormal 1957 skriv at i praksis fekk dette høvet til å nytta

klammeforma ikkje stort å seia. Mange aviser brukte rett nok framleis i-mål, men i den

nynorske litteraturen sette 1938-rettskrivinga sterk fart i overgangen til a-form.

Framlegget ville halda på ordninga frå 1938 pga. omsynet til dialektane og til

samarbeidet med bokmål om tilnærming, og

… dertil kommer at litteraturen nå i stor monn har gått over til a-artikkelen,

og at skolebøkene siden 1938 bare har hatt -a.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!