25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

63

1938 sener myrar [myrer]

1959

Framlegg 2000

Talemålsgrunnlag

Det vanlege er at ing-klassen har ar-bøying i dei norske dialektane som skil mellom -ar

og -er i fleirtal. (Visse unntak finst, som f.eks. i Nord-Gudbrandsdalen der slike ord får

-o i fleirtal.) Dei andre orda, som nynorsk altså har valfritt -er/-ar i, er det meir

variasjon i, og ein finn mange overgangar til er-klassen. Men hovudinntrykket er at arklassen

i hokjønn er meir stabil enn er-klassen i hankjønn.

Framlegg til læreboknormal 1957 hadde registrert fleirtalsendinga med -a i

Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Stader der -a elles var

registrert, er Kvikne i Hedmark, Hol og Ål i Buskerud, Mo, Seljord og Vinje i

Telemark, Valle i Aust-Agder, Beiarn i Nordland og elles skifter det mellom -a og -e

mange andre stader i landet.

Kva ord som er aktuelle i denne klassen, varierer nokså mykje, truleg meir enn for

er-klassen i hankjønn.

Skriftmålsgrunnlag

Den tradisjonelle forma i nynorsk litteratur er -ar (-jar), og vokalen -a i endinga er den

mest utbreidde i dei stroka av landet der nynorsk er opplæringsmålet.

Vurdering

a)Talemålsutbreiinga. Det er godt talemålsgrunnlag for å halda på begge endingane i

denne klassen.

b) Skriftleg bruk er ikkje undersøkt.

c) Den indre bygnaden. Hokjønnsord med ar-bøying i fleirtal representerer ei

komplisering i bøyingsverket. Men denne strukturen er i svært godt samsvar med norsk

talemål.

d) Ordgruppe. Orda som høyrer til denne klassen, har ikkje andre felles eigenskapar, og

dermed er dei inga klår ordgruppe.

e) Som identitetsuttrykk. Bøyingsvariantane her er neppe brukte som markeringar av

nokon identitet eller noko stildrag.

f) Nytt Her vil framlegget ikkje representera anna nytt enn at sirka 30 ordformer blir

tillatne på eit større bruksområde.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!