25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

61

nynorsk. Rettnok er orda med utgang på k eller g ei nokså klår undergruppe som kan

føreseia nokså godt at orda kan ha denne bøyinga, men som me såg, har mange av orda

ikkje dette særdraget (jf. gris, kvist). Mange dialektar har gått over til ein enklare

struktur utan denne underklassen.

Bøyinga frå før 1996 der ord på -nad og -a ikkje hadde sideformer på -ar og -ane,

gav rettskrivingssystemet endå ein underklasse, som heller ikkje hadde grunnlag i norsk

talemål. Endringa då med å slå nad- og a-substantiva saman med bekker-typen var ei

forenkling av systemet. Rettnok var ein regel om substantiv på -nad og -a enkel, men

regelen var likevel unødvendig og eit reint skriftmålsfenomen.

d) Ordgruppe. Ein del av orda skil seg ut med kort vokal og utgang på k og g og utgjer

såleis ei bra avgrensa gruppe, men dette gjeld ikkje alle medlemmene i underklassen.

e) Som identitetsuttrykk. Dei som legg vekt på å skriva tradisjonell nynorsk, held seg til

er-bøyinga, men etter kvart har ar-bøyinga vorte nokså vanleg og nøytral. Men

samstundes er vel neppe er-bøyinga ikkje-moderne.

f) Nytt Her er ingenting nytt anna enn at 45 ordformer får utvida bruksområdet noko.

Konklusjon

Talemålsutbreiinga og endå meir talemålsendringane talar her sterkt for at ein må opna

for bøying etter det dominerande hankjønnsmønsteret, altså med -ar og -ane. Bruken i

skrift viser òg at denne bøyingstypen står så sterkt at nynorsken ikkje kan gå attende på

valfridomen her. Bøyingar med -ar og -ane representerer dessutan ein enklare struktur.

Sidan normtradisjonen dei siste generasjonane berre har godteke former på -er og

-ene, bør ein ikkje fjerna det bøyingsmønsteret frå nynorskrettskrivinga. Men som me

har sett ovanfor, er nynorsknorma på dette punktet i strid med talemålsgrunnlaget.

Fleirtalsbøyinga på

[-ar] og [-ane] for hankjønnsord på -a og -nad, som vart vedteken i 1995, bør difor

vidareførast. Det skaper også ein pedagogisk lette at ein ikkje har obligatoriske

unntaksreglar.

Mindretalsframlegget frå 13.5.02 gjekk inn for at orda med utgang på -a og

suffikset -nad blir skilte ut som ein eigen underklasse med obligatorisk -er og -ene.

2.2.1.c Hokjønnsord med -er/-ar i fleirtal (typen reimar/reimer)

Status i dag

Desse hokjønnsorda har i dag hovudform i fleirtal på -ar og -ane, og klammeform på [-

er] og [-ene]:

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!