25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

6

1 INNLEIING

1.1 Bakgrunn og status

1.1.1 Mål

Bakgrunnen for denne utgreiinga er eit brev frå Kulturdepartementet 5.12.00, der

departementet ber "Norsk språkråd lage ei utgreiing som nærare drøftar korleis skiljet

mellom hovudformer og sideformer eventuelt kan takast bort også i nynorsk, og korleis

ein i så fall kan tenkja seg å løyse dei spørsmåla som reiser seg i kjølvatnet av dette."

(Jamfør vedlegg 1, pkt. 3 s. 190.) Dette punktet i brevet har som utgangspunkt eit vedtak

bokmålsseksjonen i Språkrådet gjorde på årsmøtet i rådet i 2000: at ein i bokmålsrettskrivinga

skal ta bort skiljet mellom den trongare læreboknormalen og den vidare

rettskrivinga. (Sjå elles pkt. 1.3 om bakgrunnen for språkrådsvedtaket i 2000 og brevet

frå departementet, vedlegg 1.)

Målet med denne utgreiinga er difor å grunngje framlegga til ei revidert norm for

nynorsk skriftmål der det ikkje er skilt mellom ein trong læreboknormal (hovudformer)

og ei vid rettskriving (som omfattar både hovudformer og klammeformer/sideformer).

Normeringsspørsmålet blir sett inn i både ein normeringsteoretisk, historisk, sosial og

pedagogisk samanheng. Det er naturleg i samband med ei så omfattande endring som

det her er tale om: ei full gjennomgåing av heile nynorsknorma. Sjølv om omfanget av

dei konkrete endringane ikkje er så stort, er det her lagt vekt på å sjå på heilskapen i

norma og ikkje berre enkeltdrag. Departementet har også lagt vekt på at den norma ein

no kjem fram til, bør kunna gjelda i lang tid framover. Dermed kan denne revisjonen

samanliknast med dei større normendringane i 1901, 1917, 1938 og 1959. Det gjer det

også rimeleg med ei utgreiing som grunngjev endringane for både samtida og framtida.

Det skal elles presiserast at denne utgreiinga om nynorsknorma ikkje tek opp

spørsmålet om ordtilfanget.

1.1.2 Arbeidet med utgreiinga

Styret i Språkrådet sette i 2001 ned denne referansegruppa til å førebu saka: Jan Terje

Faarlund, Oddrun Grønvik, Eilov Runnestø, Helge Sandøy, Kåre Skadberg, Olav Veka

og Lars S. Vikør. Sandøy har vore leiar for gruppa, og skrivegruppa var Faarlund,

Runnestø og Sandøy.

Styret planla framdrifta i drøftingane slik at nynorskseksjonen på rådsmøtet i 2002

skulle ta stilling til spørsmålet om Språkrådet skulle gå inn for å ta bort hierarkiet i

norma, altså skiljet mellom læreboknormal og rettskriving. Deretter skulle referansegruppa

eventuelt arbeida vidare med eitt eller fleire detaljerte framlegg til ei norm utan

skilje (dvs. ”korleis skiljet mellom hovudformer og sideformer eventuelt kan takast bort

også i nynorsk,” som det står i brevet frå departementet).

Referansegruppa kom til at det neppe var mogleg for nynorskseksjonen både å

diskutera igjennom dei prinsipielle spørsmåla og å gjera vedtak alt på rådsmøtet i febru-

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!