Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

sprakradet.no
from sprakradet.no More from this publisher
25.01.2015 Views

58 Normhistorikk Ei gruppe hankjønnsord har hatt -er og -ene (t.d. bekker, gjester) som hovudform i fleirtal og [-ar] – [-ane] som tillaten klammeform. Dette er ord som i norrønt høyrde til bøyingsgruppa kalla i-stammer, og Aasen tok dei inn som eigen bøyingsklasse i landsmålet med endingane -er og -ene. Dei hadde i tillegg valfritt -ir – -ine frå 1901 til 1917. I 1938 vart klammeformer på [-ar] – [-ane] tekne inn: [bekkar] – [bekkane], for somme ord kom desse endingane inn alt i 1917. Det kom så inga endring med 1959- rettskrivinga. Det har vore nokre endringar i kva ord som skulle følgja denne underklassen, og tendensen har vore at rettskrivinga har flytt ord til hovudklassen med obligatorisk -ar og -ane. Det har skjedd med f.eks. gris, som seinare vart flytt tilbake att til er-klassen. Hankjønnsord på -a hadde obligatorisk fleirtalsbøying med -er og -ene frå 1920, og orda på -nad fekk obligatorisk -er og -ene i 1959. Slik var det i dei to ordgruppene fram til 1995 då Språkrådet vedtok å la dei få vanleg hankjønnsbøying som klammeform. Aasen nemner ikkje at desse orda skal ha -er-bøying, korkje i Det norske Folkesprogs Grammatik eller i Norsk Grammatik. I Norsk Ordbog fører han opp t.d. Kostnad, Bunad og Maanad som normale maskuline ord, dvs. at han ikkje gjev opp noka særskild fleirtalsform, slik han gjer med -er-klasseorda (t.d. Saud m. (Fl. Sauder)). Det må tyda på at han ville ha -ar-bøying for desse substantiva. Sjølv skreiv Aasen t.d. Maanadar. M. Nygaards Kortfattet Fremstilling af det norske Landsmaals Grammatik (1867) seier spesielt at -erklassen omfattar ordrøter på éi staving (s. 15), det vil då seia at ord på -nad ikkje er med. Marius Hægstad gjev i Norsk Maallæra (1879, 1886, 1898) ei liste over medlemmene av -er-klassen, og -nad-orda er ikkje med. Også i Hjelpebok i norsk rettskriving av Lars Eskeland(1895) er -nad-orda oppførte som vanlege -ar-klasseord. Første tilfellet av at -nad-orda får -er-bøying er i 3. utgåva av Norsk formlæra av Lars Eskeland i 1897 (Bondevik 1992:202). I første- og andreutgåvene er det ikkje nemnt noko spesielt for desse orda. Alle utgåvene seinare av denne boka held på dette. Men i Norsk Rettskrivingsordbok frå 1906 fører han opp "maanad, ein", altså markering for vanleg hankjønnsord. Det er kanskje oppføringa i Norsk formlæra som også er grunnen til at innstillinga frå 1899 nemner heller indirekte tanken om at -nad-orda kan ha -ir eller -er i fleirtal: I det gamle maal hadde desse ord fleirtalsendingi -ir, i bygdemaali no, for so vidt dei er brukte i fleirtal, er det helst med endingi -a(r), maanadane eller maanarane, eller avstutta, som ein maane – tvo maanar. Men anten ein her vil bruka -ar, -ir, eller -er, so vert det likevel ugreidt i skrift utan denne d’en eller ein annan medljod. (Hægstad, Garborg og Flo 1899: Framlegg til skrivereglar for landsmaale i skularne, s. 71)

59 Dette er henta frå ein diskusjon om ein skal skriva stum d, og det kom ikkje noko direkte framlegg om -er-bøying av -nad-orda i den første offisielle landsmålsrettskrivinga frå 1901. Etter Landsmåls-ordlista til Matias Skard (1901, 1903) skal -nad-ord bøyast med -ar i fleirtal (i ordboka hans frå 1920 er -er-bøying obligatorisk), og -ar vart brukt i bibelomsetjingane fram til 1908 (Bondevik 1985:135f. og 200f.), då innførte Hognestad -er i -nad-orda. I tida frametter var det mykje uklårt om normeringsstoda for desse orda. Ordlistene var langt frå eintydige når det galdt bøyinga, og før 1936 nemnde ingen av rettskrivingsnemndene denne ordgruppa. Då vart det sagt i Tilleggstilråding (s. 8): I samsvar med de endringer vi har gjort framlegg om i ‘Tilråding’ bør det være tillatt å bruke fleirtall på -ar i nno. i slike ord som gjest. Unnatak fra regelen at hankjønnsord i nno. skal el. kan ha fleirtall på -ar blir da bare ord på -nad, som får -er (månader). Men uklårt blir det framleis. Ny rettskriving. Nynorsk (1938) skriv berre dette om unntak for hankjønnsord: “[Hankjønnsord av typen gjest, kvist, sau, legg, rykk kan i fleirtal ha -ar.]” Slår ein opp på månad i ordlista der, står ingenting avmerkt om bøyinga. Ein må såleis rekna med at det skal ha vanleg -ar-bøying, for lem og mon er nemleg markerte med fleirtalsendinga -er. I rettleiinga til Nynorsk ordliste (Breidsvoll og Liestøl) 1954 blir det derimot opplyst at ord på -nad skal bøyast med -er. Det same går fram av Norsklære. Nynorsk med bokmålstillegg av Johs.A. Dale frå same året. Korkje i Framlegg til læreboknormal 1957 eller i Ny læreboknormal 1959 er det sagt noko om bøyinga for -nad-orda, og ordlista til læreboknormalen fører opp månad som om det hadde tradisjonell hankjønnsbøying. Men ordlistene etter 1959 byggjer tydelegvis på det Tilleggstilråding (jf. ovanfor) slo fast, for der går dei fleste -nadsubstantiva med obligatorisk -er i fleirtal. Når det gjeld framandord som sluttar på -a, ser det ut til at dei har hatt ei meir eintydig oppføring i ordlistene frametter enn det -nad-orda har hatt. I alle fall frå 1920 har bøyingsmønsteret i dei ordlistene me har kunna kontrollert, hatt obligatorisk fleirtal på -er. Her kan det nok ha verka inn at somme tykkjer det kling betre med ae enn med aa, og dessutan var skrivemåten aa svært problematisk på den tida ein framleis var i ein overgangsfase frå den generelle skrivmåten aa til å. I 1995 drøfta fagnemnda i Språkrådet om substantiv på -a og -nad burde få klammeformer i fleirtal på [-ar] og [-ane]. Framlegget fall, men på rådsmøtet 18.1.96 la ei gruppe fram det same forslaget for nynorskseksjonen, og no vart det vedteke. Innvendinga mot å innføra som klammeform den bøyingsvarianten som finst i talemåla, var at regelen for bøying av substantiv på -nad og -a både var lett å læra og lett å bruka.

59

Dette er henta frå ein diskusjon om ein skal skriva stum d, og det kom ikkje noko

direkte framlegg om -er-bøying av -nad-orda i den første offisielle

landsmålsrettskrivinga frå 1901. Etter Landsmåls-ordlista til Matias Skard (1901, 1903)

skal -nad-ord bøyast med -ar i fleirtal (i ordboka hans frå 1920 er -er-bøying

obligatorisk), og -ar vart brukt i bibelomsetjingane fram til 1908 (Bondevik 1985:135f.

og 200f.), då innførte Hognestad -er i -nad-orda.

I tida frametter var det mykje uklårt om normeringsstoda for desse orda.

Ordlistene var langt frå eintydige når det galdt bøyinga, og før 1936 nemnde ingen av

rettskrivingsnemndene denne ordgruppa. Då vart det sagt i Tilleggstilråding (s. 8):

I samsvar med de endringer vi har gjort framlegg om i ‘Tilråding’ bør det

være tillatt å bruke fleirtall på -ar i nno. i slike ord som gjest. Unnatak fra

regelen at hankjønnsord i nno. skal el. kan ha fleirtall på -ar blir da bare ord

på -nad, som får -er (månader).

Men uklårt blir det framleis. Ny rettskriving. Nynorsk (1938) skriv berre dette om

unntak for hankjønnsord: “[Hankjønnsord av typen gjest, kvist, sau, legg, rykk kan i

fleirtal ha -ar.]” Slår ein opp på månad i ordlista der, står ingenting avmerkt om

bøyinga. Ein må såleis rekna med at det skal ha vanleg -ar-bøying, for lem og mon er

nemleg markerte med fleirtalsendinga -er. I rettleiinga til Nynorsk ordliste (Breidsvoll

og Liestøl) 1954 blir det derimot opplyst at ord på -nad skal bøyast med -er. Det same

går fram av Norsklære. Nynorsk med bokmålstillegg av Johs.A. Dale frå same året.

Korkje i Framlegg til læreboknormal 1957 eller i Ny læreboknormal 1959 er det

sagt noko om bøyinga for -nad-orda, og ordlista til læreboknormalen fører opp månad

som om det hadde tradisjonell hankjønnsbøying. Men ordlistene etter 1959 byggjer

tydelegvis på det Tilleggstilråding (jf. ovanfor) slo fast, for der går dei fleste -nadsubstantiva

med obligatorisk -er i fleirtal.

Når det gjeld framandord som sluttar på -a, ser det ut til at dei har hatt ei meir

eintydig oppføring i ordlistene frametter enn det -nad-orda har hatt. I alle fall frå 1920

har bøyingsmønsteret i dei ordlistene me har kunna kontrollert, hatt obligatorisk fleirtal

på -er. Her kan det nok ha verka inn at somme tykkjer det kling betre med ae enn med

aa, og dessutan var skrivemåten aa svært problematisk på den tida ein framleis var i ein

overgangsfase frå den generelle skrivmåten aa til å.

I 1995 drøfta fagnemnda i Språkrådet om substantiv på -a og -nad burde få

klammeformer i fleirtal på [-ar] og [-ane]. Framlegget fall, men på rådsmøtet 18.1.96 la

ei gruppe fram det same forslaget for nynorskseksjonen, og no vart det vedteke.

Innvendinga mot å innføra som klammeform den bøyingsvarianten som finst i talemåla,

var at regelen for bøying av substantiv på -nad og -a både var lett å læra og lett å bruka.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!