25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

58

Normhistorikk

Ei gruppe hankjønnsord har hatt -er og -ene (t.d. bekker, gjester) som hovudform i

fleirtal og [-ar] – [-ane] som tillaten klammeform. Dette er ord som i norrønt høyrde til

bøyingsgruppa kalla i-stammer, og Aasen tok dei inn som eigen bøyingsklasse i

landsmålet med endingane -er og -ene. Dei hadde i tillegg valfritt -ir – -ine frå 1901 til

1917. I 1938 vart klammeformer på [-ar] – [-ane] tekne inn: [bekkar] – [bekkane], for

somme ord kom desse endingane inn alt i 1917. Det kom så inga endring med 1959-

rettskrivinga.

Det har vore nokre endringar i kva ord som skulle følgja denne underklassen, og

tendensen har vore at rettskrivinga har flytt ord til hovudklassen med obligatorisk -ar og

-ane. Det har skjedd med f.eks. gris, som seinare vart flytt tilbake att til er-klassen.

Hankjønnsord på -a hadde obligatorisk fleirtalsbøying med -er og -ene frå 1920,

og orda på -nad fekk obligatorisk -er og -ene i 1959. Slik var det i dei to ordgruppene

fram til 1995 då Språkrådet vedtok å la dei få vanleg hankjønnsbøying som

klammeform.

Aasen nemner ikkje at desse orda skal ha -er-bøying, korkje i Det norske

Folkesprogs Grammatik eller i Norsk Grammatik. I Norsk Ordbog fører han opp t.d.

Kostnad, Bunad og Maanad som normale maskuline ord, dvs. at han ikkje gjev opp

noka særskild fleirtalsform, slik han gjer med -er-klasseorda (t.d. Saud m. (Fl. Sauder)).

Det må tyda på at han ville ha

-ar-bøying for desse substantiva. Sjølv skreiv Aasen t.d. Maanadar. M. Nygaards

Kortfattet Fremstilling af det norske Landsmaals Grammatik (1867) seier spesielt at -erklassen

omfattar ordrøter på éi staving (s. 15), det vil då seia at ord på -nad ikkje er

med. Marius Hægstad gjev i Norsk Maallæra (1879, 1886, 1898) ei liste over

medlemmene av -er-klassen, og -nad-orda er ikkje med. Også i Hjelpebok i norsk

rettskriving av Lars Eskeland(1895) er -nad-orda oppførte som vanlege -ar-klasseord.

Første tilfellet av at -nad-orda får -er-bøying er i 3. utgåva av Norsk formlæra av

Lars Eskeland i 1897 (Bondevik 1992:202). I første- og andreutgåvene er det ikkje

nemnt noko spesielt for desse orda. Alle utgåvene seinare av denne boka held på dette.

Men i Norsk Rettskrivingsordbok frå 1906 fører han opp "maanad, ein", altså markering

for vanleg hankjønnsord. Det er kanskje oppføringa i Norsk formlæra som også er

grunnen til at innstillinga frå 1899 nemner heller indirekte tanken om at -nad-orda kan

ha -ir eller -er i fleirtal:

I det gamle maal hadde desse ord fleirtalsendingi -ir, i bygdemaali no, for so

vidt dei er brukte i fleirtal, er det helst med endingi -a(r), maanadane eller

maanarane, eller avstutta, som ein maane – tvo maanar. Men anten ein her

vil bruka -ar, -ir, eller -er, so vert det likevel ugreidt i skrift utan denne d’en

eller ein annan medljod. (Hægstad, Garborg og Flo 1899: Framlegg til

skrivereglar for landsmaale i skularne, s. 71)

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!