25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

56

Skriftmålsgrunnlag

Vi har ikkje undersøkt frekvensen av dei ymse genusalternativa i nynorske tekstar.

Vurdering

a) Talemålsutbreiinga. Talemålet har godt grunnlag for alternative genus.

b) Skriftleg bruk. Me kjenner ikkje godt nok til variasjonsmønstera her.

c) Den indre bygnaden. Strukturen i språket er ikkje påverka av mindre skiftingar i

genus på enkeltord. Men freistnaden på regulering av suffiks og genus som kom med

Heggstads grammatikk i 1934, handla om å skapa ein struktur, men han var ikkje i godt

samsvar med talemålet. Den vidareutviklinga i reglane som kom i 1987 og 2000, er ein

freistnad på både å få betre samsvar med talemålet og å få tydelegare indre struktur.

d) Ordgruppe. Det finst visse tendensar til at innhaldet i orda verkar inn på kva kjønn

orda har. For hovudmassen av ord med valfritt genus, er det vanskeleg å peika på slikt,

og dei orda utgjer difor inga naturleg ordgruppe med uavhengige kjennemerke. Derimot

utgjer ord laga med -ing og -ning ei naturleg gruppe, og dei har i tillegg til sjølve

suffikset visse semantiske fellesdrag.

e) Som identitetsuttrykk. Genuset på orda blir neppe brukt som identitetsuttrykk eller

regional markering.

f) Nytt Dei foreslåtte reglane gjev nokre fåe endringar i norma, men ettersom dei er

knytte til reglar, skulle det vera enkelt å formidla desse endringane.

Konklusjon

Me finn det ikkje rett å koma med andre endringar i valfridomen for genus enn den som

gjeld avleiingar med -ing og -ning. Det ville i tilfellet ha kravd eit mykje større

grunnlagsarbeid med å undersøkja utbreiing og frekvens enn det me kan utføra no. Men

endå viktigare er det at me heller ikkje er overtydde om at den valfridomen som no

finst, er noka ulempe, for her må språkbrukarane i stor grad byggja på talemålskjensla si

så lenge det ikkje er mogleg å forklara avvik med tydelege generaliseringar.

Ordtilfanget må av den grunn behandlast annleis enn strukturdrag i formverk og

lydverk.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!