Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

sprakradet.no
from sprakradet.no More from this publisher
25.01.2015 Views

54 2.2 Formverket 2.2.1 Substantiv 2.2.1.a Valfritt genus (typen ein/ei klasse, ein/ei pakning) Status i dag Nokså mange ord har valfritt genus, og alle slike alternativ står innanfor læreboknormalen. Framlegg Dei substantiva som har valfritt genus i gjeldande rettskriving, får halda på det, med unntak av trast/trost som får obligatorisk hankjønn mot før valfritt ho-/hankjønn. For å få betre indre systematikk og betre samsvar med talemålet gjekk årsmøtet i 2000 inn for at reglane nedanfor skal gjelda for ord med ing- og ning-suffiksa, og me fører det vidare som framlegget her: 1 Suffiksa -ing og -ning er i prinsippet hokjønnssuffiks. 2 Verbalsubstantiv med -(n)ing er hokjønnsord utan unntak (t.d. utbygging, forvalt(n)ing). 3 Nemningar på personar og dyr på -(n)ing er er hankjønnsord (t.d. sørlending, villstyring,flyktning, slektning) unnateke når det biologiske kjønnet tilseier hokjønn (t.d. dronning, kjerring). 4 Desse orda med suffikset -ning er valfritt hokjønns- eller hankjønnsord: anretning, binding (ski-), festning, fletning (flettverk), forlegning (militær-), frysning, halvning (halvpart), klovning (kløyvd stokk), kokning (porsjon kokt på ein gong), krysning, legning, linning, lysning (i skogen), løysning (oppløyst stoff), munning, pakning, pasning, rivning, sikring (elektrisk), spenning (= vidjering), steikning, stikning. (Av denne bolken har i dag desse orda berre hankjønn: fletning, forlegning, frysning, halvning, klovning, kokning, lysning, munning, rivning, spenning, steikning, stikning. Festning er no obligatorisk hokjønnsord, dei andre er alt valfrie.) 5 Desse orda med suffikset -ing eller utgang på -ning (ikkje suffikset -ning) er hankjønnsord: allmenning, botning (blindtarm el. fjerde magen på dyr), bygning, doning (kjøretøy), dønning, gjødning, grunning (= grunne), honning, kledning, klining (brød el. lefse), -kroning (t.d. femkroning), krusning, ladning, leidning, penning, presenning, renning (= rotskot), terning, tinning, våning, -øring (t.d. femøring). (Her er endring berre for doning, som no er valfritt hokjønn eller hankjønn.)

55 Normhistorikk Somme substantiv kan ha jamstilte skriftformer med to, nokre har jamvel med tre genus. Grunnane til denne valfridomen er at ein del genusovergangar har så stor utbreiing at dei har fått feste i skriftspråket. Dessutan er mange importord tekne inn med skiftande genus i dialektane og dermed i skriftmålet. Det blir nemnt i Framlegg (1957) at mange ord som har hatt skiftande kjønn, skulle kunna greia seg med eitt, det som er dominerande i målføra. Men i andre ord er det såpass sterkt dialektgrunnlag for meir enn eitt kjønn at dei bør vera tillatne med skiftande genus. Dei fleste genusvala står mellom hokjønn og hankjønn. Dei normeringsvedtaka som Språkrådet har gjort i substantiv etter 1959, har ført til at særleg gruppa med valfri hankjønns- og inkjekjønnsbøying har vakse. Ord for nokre kjemiske sambindingar og ymse nemningar for musikkuttrykk har kome i denne gruppa, dessutan ein god del verbalabstrakt og ord for ting med same form som stamma i verba, t.d. hark, glis, nys. I 2000 gjekk årsmøtet inn for at trast/trost skal vera obligatorisk hankjønnsord. Av dei ordgruppene som har valda litt problem, er ord laga med suffiksa -ing og - ning. Aasen let svært mange ning-ord vera hokjønnsord (f.eks. ei bygning og ei ladning), men ordlistene på 1900-talet gjorde desse substantiva meir og meir til hankjønnsord. Største omlegginga skjedde med nyutgåva frå 1931 av Norsk grammatikk ved Leiv Heggstad, som òg får følgjer for normeringa i 1938. Heggstad knyter både ning-suffikset og hankjønn til konkret tyding, medan Aasen lét tendensen til konkret tyding liggja i suffikset -ning uavhengig av kjønnet. Frå 1938 vart altså tendensen til hankjønn i desse orda forsterka i nynorsk, og dermed oppstod ein del avvik frå både talemålet og praktisert nynorsk. Språkrådet prøvde å regulera dette tydelegare med vedtak i 1987. Fagnemnda arbeidde med saka att i 1997 og prøvde då både å få til betre samsvar med genusbruken i talemålet og å etablera ordgrupper etter innhaldet, slik som i framlegget ovanfor, der sistepunktet (5) blir ein restkategori jamført med gruppene ovanfor. I 1999 gjekk fagnemnda litt tilbake på systematiseringa og flytte bygning, gjødning, kledning, krusning, ladning, leidning ut frå gruppe 4 og over til unntaksgruppa med den grunngjevinga at utbreiinga av hokjønn i skriftleg bruk ikkje var stor nok til å gjera ei endring. Rådsmøtet i 2000 gjekk så inn for denne siste versjonen av reglane, som me no tek opp att her. Talemålsgrunnlag Det finst visse geografiske mønster for utbreiinga av genus i ein del ord. Ord på -ing og -ning har sterk tendens til å vera hokjønnsord i nordvestlandsk, trøndersk og nordnorsk (jf. ei bygning, ei gjødning), men også Vest-Agder og Østfold er to mindre sentrum for hokjønn i slike ord. I Hordaland står derimot hankjønn sterkt i ord med desse suffiksa.

55

Normhistorikk

Somme substantiv kan ha jamstilte skriftformer med to, nokre har jamvel med tre genus.

Grunnane til denne valfridomen er at ein del genusovergangar har så stor utbreiing at

dei har fått feste i skriftspråket. Dessutan er mange importord tekne inn med skiftande

genus i dialektane og dermed i skriftmålet.

Det blir nemnt i Framlegg (1957) at mange ord som har hatt skiftande kjønn,

skulle kunna greia seg med eitt, det som er dominerande i målføra. Men i andre ord er

det såpass sterkt dialektgrunnlag for meir enn eitt kjønn at dei bør vera tillatne med

skiftande genus.

Dei fleste genusvala står mellom hokjønn og hankjønn. Dei normeringsvedtaka

som Språkrådet har gjort i substantiv etter 1959, har ført til at særleg gruppa med valfri

hankjønns- og inkjekjønnsbøying har vakse. Ord for nokre kjemiske sambindingar og

ymse nemningar for musikkuttrykk har kome i denne gruppa, dessutan ein god del

verbalabstrakt og ord for ting med same form som stamma i verba, t.d. hark, glis, nys.

I 2000 gjekk årsmøtet inn for at trast/trost skal vera obligatorisk hankjønnsord.

Av dei ordgruppene som har valda litt problem, er ord laga med suffiksa -ing og -

ning. Aasen let svært mange ning-ord vera hokjønnsord (f.eks. ei bygning og ei

ladning), men ordlistene på 1900-talet gjorde desse substantiva meir og meir til

hankjønnsord. Største omlegginga skjedde med nyutgåva frå 1931 av Norsk grammatikk

ved Leiv Heggstad, som òg får følgjer for normeringa i 1938. Heggstad knyter både

ning-suffikset og hankjønn til konkret tyding, medan Aasen lét tendensen til konkret

tyding liggja i suffikset -ning uavhengig av kjønnet. Frå 1938 vart altså tendensen til

hankjønn i desse orda forsterka i nynorsk, og dermed oppstod ein del avvik frå både

talemålet og praktisert nynorsk.

Språkrådet prøvde å regulera dette tydelegare med vedtak i 1987. Fagnemnda

arbeidde med saka att i 1997 og prøvde då både å få til betre samsvar med genusbruken

i talemålet og å etablera ordgrupper etter innhaldet, slik som i framlegget ovanfor, der

sistepunktet (5) blir ein restkategori jamført med gruppene ovanfor. I 1999 gjekk

fagnemnda litt tilbake på systematiseringa og flytte bygning, gjødning, kledning,

krusning, ladning, leidning ut frå gruppe 4 og over til unntaksgruppa med den

grunngjevinga at utbreiinga av hokjønn i skriftleg bruk ikkje var stor nok til å gjera ei

endring. Rådsmøtet i 2000 gjekk så inn for denne siste versjonen av reglane, som me no

tek opp att her.

Talemålsgrunnlag

Det finst visse geografiske mønster for utbreiinga av genus i ein del ord. Ord på -ing og

-ning har sterk tendens til å vera hokjønnsord i nordvestlandsk, trøndersk og nordnorsk

(jf. ei bygning, ei gjødning), men også Vest-Agder og Østfold er to mindre sentrum for

hokjønn i slike ord. I Hordaland står derimot hankjønn sterkt i ord med desse suffiksa.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!