Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

sprakradet.no
from sprakradet.no More from this publisher
25.01.2015 Views

52 også viktig å peika på at fordelinga i bruken av hovudformer og klammeformer er mykje jamnare enn fordelinga mellom hovud- og klammeformer innanfor andre kategoriar. (Wetås 2001a:8) Søk i Bergens Tidende viser at hovudformene med j er mykje meir brukte, det same resultatet får Wetås ved å søkja på nynorske aviser i Norsk tekstarkiv. Tenkj* gav her 458 treff, tenke 115 og tenka 58 treff. I det upubliserte materialet er det vanskelegare å lesa nokon eintydig tendens ut av resultatet, skriv Wetås. I mange tekstar er det intern variasjon, men det ser ut til at formene med j er noko meir utbreidde. Vurdering a) Talemålsutbreiinga for j-former minkar sterkt, og ettersom j-lause former forståeleg nok står sterkast i lokalsamfunn med liten stabilitet, kan ein rekna med at den utviklinga kjem til å halda fram. b) Skriftleg bruk viser at begge alternativa er mykje i bruk, og bruken av j-lause former har auka i bruk. c) Den indre bygnaden i språket blir ikkje skipla. Talet på bøyingsklassar er ikkje forskjellig i dei to alternative systema, for j-forma er ikkje knytt til nokon eigenskap ved bøyingsklassen (jf. ei vogge, å smake – smaker som aldri kan ha j). J-formene er såleis ein liten grammatisk komplikasjon. Begge dei valfrie systema svarar til dialektsystem. Problemet ved dette draget når det gjeld indre bygnad, er nok meir at nynorsken ikkje har eit heilt konsekvent system for vekslinga mellom former med og utan j, jf. drøftinga ovanfor. Det har vore eit problem i alle normeringsfasane, og det er ikkje grunn til å prøva på noka strukturomlegging no. Fordelane med det gjeldande systemet i nynorsk er at dei grammatiske kategoriane j-former dukkar opp i, er så fåe og oversiktlege. d) Ordgruppe. Orda med og utan j etter k og g utgjer store ordgrupper med ein felles lydleg eigenskap innanfor fåe bøyingsklassar og bøyingskategoriar, og dermed er eit viktig overordna krav ved revisjonen overhalde. e) Som identitetsuttrykk spelar nok denne j-en ei rolle, for dei som ynskjer å bruka ei språkform som har tradisjonspreg, vil naturleg nok halda på j, ettersom han særpregar både dei eldste dialektstadia og var eit særdrag ved eldre nynorsk. På hi sida vil dei som legg vekt på å markera ein sentrumsidentitet, naturleg nok ikkje bruka så mange j- former, for sentrumsmåla har nettopp j-lause former som felles særdrag. f) Nytt Denne valfridomen innfører korkje nye former eller tek ut gamle former, slik at språkbrukarane kan halda på dei innøvde språkvanane sine. Ei endring etter framlegget

53 her gjev dei fleste av dei j-lause ordformer vidare bruksområde. Ingen former blir tekne heilt ut av norma. Konklusjon Utbreiinga i både talemålet og skriftmålet er så stor at nynorsknorma må ha plass til denne valfridomen. Det gjeld her ei nokså lettkjenneleg ordgruppe, slik at kompliseringa i norma ikkje svarar til det nokså høge talet (om lag 125) på enkeltord som valfridomen omfattar. I den personlege språkbruken verkar det også som skiljet mellom former med og utan j betyr mykje. Mindretalsframlegget frå 13.5.02 er usamd i denne konklusjonen, jf. vedlegg 3.

52

også viktig å peika på at fordelinga i bruken av hovudformer og

klammeformer er mykje jamnare enn fordelinga mellom hovud- og

klammeformer innanfor andre kategoriar. (Wetås 2001a:8)

Søk i Bergens Tidende viser at hovudformene med j er mykje meir brukte, det

same resultatet får Wetås ved å søkja på nynorske aviser i Norsk tekstarkiv. Tenkj* gav

her 458 treff, tenke 115 og tenka 58 treff. I det upubliserte materialet er det

vanskelegare å lesa nokon eintydig tendens ut av resultatet, skriv Wetås. I mange tekstar

er det intern variasjon, men det ser ut til at formene med j er noko meir utbreidde.

Vurdering

a) Talemålsutbreiinga for j-former minkar sterkt, og ettersom j-lause former forståeleg

nok står sterkast i lokalsamfunn med liten stabilitet, kan ein rekna med at den utviklinga

kjem til å halda fram.

b) Skriftleg bruk viser at begge alternativa er mykje i bruk, og bruken av j-lause former

har auka i bruk.

c) Den indre bygnaden i språket blir ikkje skipla. Talet på bøyingsklassar er ikkje

forskjellig i dei to alternative systema, for j-forma er ikkje knytt til nokon eigenskap ved

bøyingsklassen (jf. ei vogge, å smake – smaker som aldri kan ha j). J-formene er såleis

ein liten grammatisk komplikasjon. Begge dei valfrie systema svarar til dialektsystem.

Problemet ved dette draget når det gjeld indre bygnad, er nok meir at nynorsken

ikkje har eit heilt konsekvent system for vekslinga mellom former med og utan j, jf.

drøftinga ovanfor. Det har vore eit problem i alle normeringsfasane, og det er ikkje

grunn til å prøva på noka strukturomlegging no. Fordelane med det gjeldande systemet i

nynorsk er at dei grammatiske kategoriane j-former dukkar opp i, er så fåe og

oversiktlege.

d) Ordgruppe. Orda med og utan j etter k og g utgjer store ordgrupper med ein felles

lydleg eigenskap innanfor fåe bøyingsklassar og bøyingskategoriar, og dermed er eit

viktig overordna krav ved revisjonen overhalde.

e) Som identitetsuttrykk spelar nok denne j-en ei rolle, for dei som ynskjer å bruka ei

språkform som har tradisjonspreg, vil naturleg nok halda på j, ettersom han særpregar

både dei eldste dialektstadia og var eit særdrag ved eldre nynorsk. På hi sida vil dei som

legg vekt på å markera ein sentrumsidentitet, naturleg nok ikkje bruka så mange j-

former, for sentrumsmåla har nettopp j-lause former som felles særdrag.

f) Nytt Denne valfridomen innfører korkje nye former eller tek ut gamle former, slik at

språkbrukarane kan halda på dei innøvde språkvanane sine. Ei endring etter framlegget

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!