25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

51

(“mjuk”, med j) er det i vestlandsmåla og i målføra i Agder (utanom kystbygdene), i

Indre Telemark og i fjelldalane austpå, vidare i Trøndelag og Nord-Noreg. Minst av

palatal uttale er det i flatbygdene på Austlandet, særleg frå Romerike og sørover, og i ei

stripe langs kysten. Bymåla har lite av palatal uttale. Uttalen skifter elles mykje i ulike

lyd- og ordgrupper, i mange tilfelle går den palatale uttalen over store delar av det

søraustlandske området, t.d. i ord som stykke (stykkjy), nykel (nykjyl), krykkje, kyrkje,

øskje. I bikkje er palatal uttale allmenn. Langt utanfor det vanlege området for

palatalisering går likeins adverbet ikkje. Og på grunn av lydutviklinga i

konsonantsambanda lg og rg (jf. austlandsk elg > ælj og arg > arj) blir ord som bølgje,

følgje, svelgje og sørgje uttala med j over store delar av landet.

Gjennom 1900-talet har bruken av palatallyd framfor endingsvokal minka svært

mykje, og ei årsak har truleg vore at eit skifte mellom palatal og ikkje-palatal uttale i

same ordet gjev ein meir innvikla grammatikk som er vanskeleg å halda oppe i lite

stabile samfunn. Det viser seg i tendensar til å halda på palataluttale lenger i ordgrupper

som har denne uttalen i alle eller fleire bøyingsformer (bryggje-typen), enn i ordgrupper

med palatal i berre éi bøyingsform (f.eks. marka).

Men også i typane der j-en står i fleire bøyingsformer, har palatalen hatt ein sterk

tendens til å vika, slik at mange dialektar ikkje lenger har gj-lyd framfor ending (altså

typen bryggje), og kj-lyden står også berre i svært få ord. (Bikkje bruker vera eit

unntak.) By- og sentrumsmål er og har vore særprega av ikkje-palatal framfor

endingsvokal, forståeleg nok. (Formene ikkje og mykje skil seg ut ettersom e-en her

ikkje er ending.)

Skriftmålsgrunnlag

Landsmålet og nynorsken har altså frå første tid vore prega av noko ustøe i markeringa

av palatal uttale. Det har golde både for norma og i skriftleg praksis. I 30-åra finn Vikør

(Vikør 1995) stor variasjon frå ord til ord hjå fleire av forfattarane, men hovudtendensen

er ei femti–femti-fordeling for ord med og utan j. J-ane var obligatoriske i rettskrivinga

før 1938. Likevel vart dei i hovudsak utelatne av halvparten av dei undersøkte

forfattarane frå den tida. Fem av ni forfattarar brukte j-formene også i 50-åra, ein sløyfa

j-en, og dei tre andre var inkonsekvente i bruken. Hjå 70-årsforfattarane er det ei klår

todeling i å sløyfa og ikkje sløyfa j-ane.

Wetås har søkt på former med eller utan j i lokalaviser, og ho har funne at

resultatet av søka er litt påfallande.

For dei fleste av verba står hovudformene med j sterkare enn

klammeformene utan. Men dette ser ikkje ut til å gjelda tilhøvet mellom

hovudformene leggja/-e (74 treff) og byggja/-e (75 treff), og dei tilhøyrande

klammeformene [legge] (54 treff) og [bygge] (75 treff). Her må det

kommenterast både at frekvensen av klammeformene er overraskande høg,

og at det berre er klammeformene med -e dette gjeld. For desse søka er det

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!