25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

50

bak g eller k. I substantiva gjeld dette berre svake hokjønnsord, som bryggje/brygge,

som har same ordstamma gjennom heile bøyinga:

bryggje – bryggja – bryggjer – bryggjene

[brygge] – [brygga] – [brygger] – [bryggene]

Substantiv som i ein del dialektar har skifte mellom palatal og ikkje-palatal uttale, som

f.eks. vegg – veggjer, har ikkje vore aktuelle i denne samanhengen etter 1917. Dette er

ordformer som i norrønt hadde endingsvokalen -i etter g eller k.

I verba har ein følgt eit litt anna system ved at presens på -er har j der infinitiven

har j, det same gjeld avleiingar med -ar, -ende, -ande og bindevokalen -e-, medan

partisipp av sterke verb og verbalsubstantiv på -ing ikkje får j (altså: tenkje – tenkjer,

men tenking og liggje – lege – ligging). Dei aktuelle verba kan delast i tre grupper:

Sterke som kan ha -j- i infinitiv: liggje (men ikkje f.eks. i partisippet lege), nokre e-verb

som kan ha -j- i infinitiv og presens: tenkje – tenkjer (som skifter då med j-lause former

framfor konsonantendingane i preteritum og partisipp: tenkte – tenkt), og nokre a-verb,

som har j-en i alle bøyingsformene: kneggje – kneggjar – kneggja – kneggja.

Unntaka frå dette er altså ord med lgj, rgj og skj, som nemnt ovanfor.

Den historiske utviklinga i nynorsk kan illustrerast slik:

Aasen snik(j)en veggjer yrk(j)e fylgje n. bryggja f. byggja byggjer byggjing lege pts.

adj.

1901

1917 sniken vegger yrke fylge

1938 fylgje bryggje byggja byggjer bygging

[følgje] [brygge] [bygga] [bygger]

1959 følgje

[fylgje]

Framlegg

2000

Talemålsgrunnlag

Kva former som har såkalla palatal (eller mjuk) uttale av g og k i mange av dei norske

dialektane, forstår ein lettast om ein tek utgangspunkt i norrønt. Det gjeld anten

ordformer som der hadde endingsvokalen i etter g-en og k-en (f.eks. bokin for 'boka',

hengir for 'hengjer'), eller om ordformer som i norrønt har skrivemåte med j etter g og k

(f.eks. bryggja og hengja) pga. at det i urnordisk hadde stått ein i bak g-en og k-en.

Sjølv om i-en har vorte endra til andre vokalar i dei fleste dialektane, har palataluttalen

halde seg opp til vår tid i svært mange dialektar i dei formene som hadde

endingsvokalen i i norrønt, som f.eks. uttalen bokja for boka.

Området som har hatt palatallyd, har vore svært stort. Mest av palatal uttale

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!