25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

48

at dei har utbreidd variasjon i både tale og skrift i norsk. I normeringshistoria har det òg

vore vanskeleg å regulera orda i samla grupper, og det har ikkje vore heilt klåre mønster

for kva dobbelskrivingar som har vore tillatne, for kva ord som har vore jamstilte

former, og kva skrivemåtar som har vore klammeformer.

e) Som identitetsuttrykk. Dei som vil markera lojalitet til tradisjonell nynorsk, vil nok

konsekvent halda på skrivemåtar med enkel konsonant i desse gruppene. I markert

moderne nynorsk finn ein nok temmeleg gjennomført dobbelskriving av n og truleg ein

del dobbelskriving av t.

f) Nytt Dette framlegget stryk forma set, som er eit lite brukt ord. Elles kan etablerte

skrivevanar leva vidare. Når ein tek bort klammeformstatusen, vil tre ordformer få

større bruksområde.

Konklusjon

Utbreiinga for både enkel- og dobbelkonsonant er så stor i både tale og skrift at det er

rimeleg å halda på valfridomen. Gjennomslaget for den eine eller den andre forma

skiftar mykje frå ord til ord, men me har ikkje funne at det gjev grunnlag for å gå

igjennom orda på nytt med tanke på å redusera valfridomen. Å gå berre etter frekvensen

i skrift her ville ikkje ha gjeve noko mønster som var til hjelp. Men ved å halda på

valfridomen i heile gruppene kan flest mogleg orientera seg ut frå talemålet sitt.

Ordet set [sett] (det å setja, noko som er sett) ligg i tyding så nær ordet sett (som

berre finst i forma med tt) at det kan vere vanskeleg å skilja dei (sett: byggjesett; på sett

og vis). Når uttalen sett er utbreidd, dei to orda heng etymologisk saman, og ordet set

[sett] er svært lite frekvent, er det god grunn til å slå dei saman og rekna dei som eitt

ord i ordbøkene. Då er det òg rimeleg å la sett vere eineforma.

2.1.2.c. Former med og utan j etter g og k (typen tenkje/tenke, bryggje/brygge)

Status i dag

Etter gjeldande rettskriving finn ein valfrie skrivemåtar med og utan j i desse verba og

svake hokjønnsorda:

Verb: brengje, bryggje, byggje, bleggje, deggje, dengje, dyngje, eggje, flengje, glyggje,

hengje, hyggje, klengje, kneggje, leggje, lengje, liggje, mengje, nyggje, ryggje,

skjeggje, skyggje, sleggje, slengje, styggje, tryggje, tyggje

bleikje, brikje, bøkje, bøykje, eikje, flikje, føykje, hykje, kikje, klyngje, krøkje,

kveikje, likjast, mykje, møykje, rikje, røykje, skrækje, sleikje, slikje, smeikje, snikje,

spekje, sprikje, spækje, spøkje, steikje, søkje, veikje, vikje, benkje blenkje enkje,

krenkje, lenkje, skjenkje, tenkje, blekkje, dekkje, flekkje, klekkje, klykkje, kløkkje,

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!