25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

47

ikkje er tilrådeleg å tvinga fram obligatoriske former. “Det er etter vårt skjønn ingenting

annet å gjøre enn å la utviklingen gå sin gang og la tiden avgjøre spørsmålet.” Nett, nøtt,

og kott har vore obligatoriske hovudformer sidan 1959, og kjøk(k)en fekk då valfridom.

Aasen skot kot lìt lok vìn

1901 lit ven

1917 skot/skott kot/kott let/lett lok/lokk ven/venn

1938

1959

2000 let

Talemålsgrunnlag

Desse tre ordgruppene høyrer med til ei gruppe einstavingsord som hadde kort staving i

stamma, dvs. at både vokalen og konsonanten bak var korte. Hovudmønsteret for

utviklinga i desse orda er at vestlandsk og midlandsk (utanom Gudbrandsdalen) har

forlengt vokalen, medan resten av landet har fått forlengt konsonanten.

Skriftmålsgrunnlag

I materialet som Vikør såg på (Vikør 1995), var løn noko meir brukt enn lønn, venn

mykje meir enn ven. Formene med enkel -t er føretrekte, 10 bruker brot og 5 skot, ingen

valde brott og skott. Derimot er kjøtt- brukt i to samansetningar, medan kjøt finst hjå sju

av forfattarane. Vikør finn at seks skriv kjøkken, fire kjøken. Samanliknar me med

formbruken hjå utvalde forfattarar i 30- og 50-åra, ser me at formene med enkel

konsonant har halde seg. Det klåre unntaket er forma venn, som 8 av dei 10 forfattarane

frå 1970-åra brukte.

Vurdering

a) Talemålsutbreiinga. I talemålet står formene med kort vokal (som altså svarar til

dobbel konsonant i skrift) som dei dominerande i landet.

b) Skriftleg bruk. Somme ord har fått dominans av dobbelkonsonant i skriftleg nynorsk,

men oftast står alternativa med éin konsonant sterkast.

c) Den indre bygnaden. Språkbygnaden blir ikkje skipla av endringar i valfridomen i

desse orda.

d) Ordgruppe. Desse orda har ikkje noko svært eintydig språkleg fellesdrag utover

nettopp dette med valfridomen i enkel-/dobbelskriving av den aktuelle konsonanten. I

tillegg kan ikkje vokalane a, æ og å stå i desse orda. (Etter den etymologiske

systematikken skulle heller ikkje i ha stått her, men vit og kvik har fått halda på i-en.)

For språkbrukaren er desse orda neppe noka gruppe ut frå anna enn kjennskap til

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!