Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

sprakradet.no
from sprakradet.no More from this publisher
25.01.2015 Views

46 vanleg i både skrift og tale at ei slik endring for mange ville kjennast som pålegg om ein ny og uvand skrivemåte. 2.1.2.b n/nn, t/tt og k/kk i gamle kortstava ord (typen ven/venn, skot/skott, lok/lokk) Status i dag Gjeldande rettskriving har desse valfrie formene med den nemnde sluttkonsonantismen i stammen: n/nn t/tt k/kk dane/danne lut/lott møk/møkk drøn/drønn [net] nett lok/lokk lining/linning [not] nøtt (og nate-/nøtte-) kjøken/kjøkken løn/lønn skot/skott n. fok/fokk mon/monn brot/brott lek/lekk skjøn/skjønn kjøt/kjøtt rok/rokk støn/stønn skut/skott m. ven/venn [kot] kott venje [venne] vit/vett vitug/vettug krøter/krøtter skit/skitt skiten/skitten setje - set [sette - sett] sitje - sit - sat [sitte - sitt - satt] set [sett] (det å setja, noko som er sett) Framlegg Valfridomen blir halden ved lag i desse tre gruppene (gamle kortstava ord med stammeutlyd på n/nn, t/tt og k/kk) med unntak av sett og let (farge), jf. 3.3.1. Det vil seia at net, not, kot, sette og sitte blir jamstilte former. Normhistorikk Dette er gammalnorske ord med kort rotvokal og kort endekonsonant. Det tidlege landsmålet følgde her dei norrøne formene med enkelskriving av konsonanten. Dei fleste valfrie formene med dobbelkonsonant kom inn i nynorsk ved rettskrivingsreforma i 1917. Tilråding om ny rettskriving 1934 nemner at dobbelformene med enkel-/dobbelkonsonant i utlyd har eit så sterkt språkhistorisk og språkgeografisk grunnlag at det

47 ikkje er tilrådeleg å tvinga fram obligatoriske former. “Det er etter vårt skjønn ingenting annet å gjøre enn å la utviklingen gå sin gang og la tiden avgjøre spørsmålet.” Nett, nøtt, og kott har vore obligatoriske hovudformer sidan 1959, og kjøk(k)en fekk då valfridom. Aasen skot kot lìt lok vìn 1901 lit ven 1917 skot/skott kot/kott let/lett lok/lokk ven/venn 1938 1959 2000 let Talemålsgrunnlag Desse tre ordgruppene høyrer med til ei gruppe einstavingsord som hadde kort staving i stamma, dvs. at både vokalen og konsonanten bak var korte. Hovudmønsteret for utviklinga i desse orda er at vestlandsk og midlandsk (utanom Gudbrandsdalen) har forlengt vokalen, medan resten av landet har fått forlengt konsonanten. Skriftmålsgrunnlag I materialet som Vikør såg på (Vikør 1995), var løn noko meir brukt enn lønn, venn mykje meir enn ven. Formene med enkel -t er føretrekte, 10 bruker brot og 5 skot, ingen valde brott og skott. Derimot er kjøtt- brukt i to samansetningar, medan kjøt finst hjå sju av forfattarane. Vikør finn at seks skriv kjøkken, fire kjøken. Samanliknar me med formbruken hjå utvalde forfattarar i 30- og 50-åra, ser me at formene med enkel konsonant har halde seg. Det klåre unntaket er forma venn, som 8 av dei 10 forfattarane frå 1970-åra brukte. Vurdering a) Talemålsutbreiinga. I talemålet står formene med kort vokal (som altså svarar til dobbel konsonant i skrift) som dei dominerande i landet. b) Skriftleg bruk. Somme ord har fått dominans av dobbelkonsonant i skriftleg nynorsk, men oftast står alternativa med éin konsonant sterkast. c) Den indre bygnaden. Språkbygnaden blir ikkje skipla av endringar i valfridomen i desse orda. d) Ordgruppe. Desse orda har ikkje noko svært eintydig språkleg fellesdrag utover nettopp dette med valfridomen i enkel-/dobbelskriving av den aktuelle konsonanten. I tillegg kan ikkje vokalane a, æ og å stå i desse orda. (Etter den etymologiske systematikken skulle heller ikkje i ha stått her, men vit og kvik har fått halda på i-en.) For språkbrukaren er desse orda neppe noka gruppe ut frå anna enn kjennskap til

46

vanleg i både skrift og tale at ei slik endring for mange ville kjennast som pålegg om ein

ny og uvand skrivemåte.

2.1.2.b n/nn, t/tt og k/kk i gamle kortstava ord (typen ven/venn, skot/skott, lok/lokk)

Status i dag

Gjeldande rettskriving har desse valfrie formene med den nemnde sluttkonsonantismen

i stammen:

n/nn t/tt k/kk

dane/danne lut/lott møk/møkk

drøn/drønn [net] nett lok/lokk

lining/linning [not] nøtt (og nate-/nøtte-) kjøken/kjøkken

løn/lønn skot/skott n. fok/fokk

mon/monn brot/brott lek/lekk

skjøn/skjønn kjøt/kjøtt rok/rokk

støn/stønn skut/skott m.

ven/venn

[kot] kott

venje [venne]

vit/vett

vitug/vettug

krøter/krøtter

skit/skitt

skiten/skitten

setje - set [sette - sett]

sitje - sit - sat [sitte - sitt -

satt]

set [sett] (det å setja, noko

som er sett)

Framlegg

Valfridomen blir halden ved lag i desse tre gruppene (gamle kortstava ord med

stammeutlyd på n/nn, t/tt og k/kk) med unntak av sett og let (farge), jf. 3.3.1. Det vil seia

at net, not, kot, sette og sitte blir jamstilte former.

Normhistorikk

Dette er gammalnorske ord med kort rotvokal og kort endekonsonant. Det tidlege

landsmålet følgde her dei norrøne formene med enkelskriving av konsonanten. Dei

fleste valfrie formene med dobbelkonsonant kom inn i nynorsk ved rettskrivingsreforma

i 1917. Tilråding om ny rettskriving 1934 nemner at dobbelformene med enkel-/dobbelkonsonant

i utlyd har eit så sterkt språkhistorisk og språkgeografisk grunnlag at det

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!