25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

45

c) Den indre bygnaden. Den indre bygnaden i språket blir ikkje skipla av eventuelle

endringar på dette punktet, for det er uansett ein del ord med obligatorisk dobbel m

(f.eks. lammet) eller med obligatorisk enkel m (f.eks. same).

d) Ordgruppe. Desse orda har ingen andre gjennomgåande eigenskap enn nettopp

alternativ skrivemåte av m. Det er såleis ikkje tale om ei tydeleg gruppe som ein kan

bestemma orda i ut frå andre attkjennelege særdrag. Men at me har alternative

skrivemåtar i mange ord med nett denne konsonanten, er nok velkjent, slik at

språkbrukarane er opne for denne variasjonen. Men pga. at orda ikkje har tydeleg

gruppestatus, er det her relevant å leggja vekt på prinsippet om frekvens, jf. prinsipp 4

under punkt 1.6.

Skrivemåten -domen/-dommen er her avgrensa til dette eine suffikset, og såleis er

det ei svært klår ordgruppe, dessutan er ordgruppa med dette suffikset nokså frekvent.

e) Som identitetsuttrykk. Enkel m blir nok oppfatta som ei markering av tradisjonell stil i

somme ord, f.eks. sumar og sume. Elles er dei fleste variantane nokså nøytrale og ikkje

typiske identitetsuttrykk.

Skrivemåten -domen eller -dommen her er kanskje ikkje brukt som noka

markering av regionalitet eller modernitet. Men den som ynskjer å markera

tradisjonalitet, vil neppe bruka mm.

f) Nytt Her blir det nokre endringar jamført med rettskrivinga i dag ved at gruppa av

valfrie ord blir redusert, og at 29 enkeltformer blir tekne ut or norma. Men ettersom dei

29 orda er lite frekvente, skulle dei praktiske konsekvensane vera reduserte.

Konklusjon

På møtet 13.5.02 vedtok seksjonen at lite frekvente former med enkel m skulle gå ut or

norma.

Utbreiinga i både talemålet og skriftmålet talar for at ein held oppe ein viss valfridom

her. Å "rydda opp" for å laga eit heilt enkelt system, har også vist seg å vera svært

vanskeleg, for tendensane er så ulike frå ord til ord. Det einaste som kan gjerast for

ikkje å "overdriva" valfridomen, er å ta ut valfrie former i svært lite frekvente ord,

ettersom gruppa ikkje har andre felles særmerke enn denne m-en. Dei orda me då står att

med i framlegget til kva ord som skal ha valfrie skrivemåtar, er slike me meiner er

nokså frekvente og/eller viktige som identitets- og stilmarkørar. Jamfør elles punkt

3.3.1.

Mindretalsframlegget frå 13.5.02 gjekk inn for at formene med enkel m gjekk ut,

jf. vedlegg 3.

Det er parallelliteten med valfridomen m/mm i enkeltord som gjer det naturleg å la

den også omfatta suffikset -dom. I 2000 gjekk årsmøtet inn for å setja skrivemåten med

mm i klammer, men det er truleg ikkje rett å sløyfa han frå norma. Han er trass alt så

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!