25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

44

vestlandsk jamnast held på enkel konsonant. Men ved m gjeld ikkje dette, for her er

konsonanten svært ofte forlengd også i vestlandske dialektar. Dermed kan ein seia at

dobbel m er det dominerande mønsteret i norsk talemål. Men her er nokre variasjonar

frå ord til ord.

Talemålsundersøkinga som Norsk språkråd fekk utført i 1999, viser at forma

komma/ komme var brukt av 74 % av dei spurde. Forma med kort vokal var brukt av

meir enn 20 % i åtte fylke. Av dei sa 66 % av dei spurde i Rogaland koma/kome, i

Buskerud og Telemark gjorde 55 % det, og i Oppland var talet 52 %.

Ettersom suffikset -dom i dei fleste orda står trykklett, blir ikkje lengda på vokalen

(og konsonanten) fonologisk relevant og dermed heller ikkje vokallengda slik at ein har

heilt klår kjensle av enkel eller dobbel m, som f.eks. i fridom. Lengda blir derimot

tydeleg i trestavingsord som kristendom. Me har fåe opplysningar om utbreiinga av dei

ymse formene, men kan rekna med at der uttalen av suffikset har å, er vokalen kort; der

uttalen er med o, kan han vera både kort og lang.

Skriftmålsgrunnlag

Forfattarar frå 70-åra brukte hovudformene med dobbel m, viser Vikørs undersøking,

bortsett frå ved koma, halvparten hadde valt den forma, som var jamstilt med komma

etter 1959. 50-årsforfattarane brukte også hovudformene, men dei var då med enkel m,

og bruken av dei tradisjonelle formene er òg framherskande i det undersøkte materialet

frå 30-åra. Åtte av forfattarane brukte då gamal, ni koma og åtte tome. Forma med

dobbel konsonant som var mest utbreidd i dette materialet, var sommar, som fem av 30-

årsforfattarane hadde valt.

I lokalavisene Wetås undersøkte, var det dobbelt så mange førekomstar av

[gamal] som gammal. Same tendensen er det i søk på gammal- [gamal-] som

førsteleddet i samansetjingar. Formene koma og kome er også mykje meir frekvente enn

dei tilsvarande med dobbel konsonant. Det same viser søk i Bergens Tidende og i

nynorske aviser i Norsk tekstarkiv. I det upubliserte materialet er det ingen tydeleg

tendens, der finn Wetås gammal brukt sju og [gamal] seks gonger.

Berre rjomegraut (1) / rømmegraut (8) og skume (0) / skumme (2) er registrerte i

Nynorsk frekvensordbok.

Med utgangspunkt i eit lite materiale for typen -domen/-dommen er det mogleg å

slå fast at begge skrivemåtane tydeleg finst, men at enkel m dominerer.

Vurdering

a)Talemålsutbreiinga. Dialektgrunnlaget er klårt sterkast for skrivemåtar med mm, men

m har òg bra grunnlag. Talemålsutbreiinga for dei to skrivemåtane av suffikset -dom er

uviss.

b) Skriftleg bruk. I skrift er tendensen til å bruka enkel konsonant nokså sterk.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!