25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

41

c) Den indre bygnaden. Den indre bygnaden i språket er ikkje påverka av desse formalternativa.

d) Ordgruppe. Desse orda har sterkare preg av gruppe enn mange andre med alternative

former, for så mange har eit språkleg fellesdrag utanom diftongen/monoftongen, nemleg

at monoftongen/diftongen står framfor m, r, st eller st. I tillegg er skiftet mellom diftong

og monoftong eit meir gjennomgåande dialektskilje i landet slik at medvitet om dette

som systemdrag og særkjenne truleg er sterkare enn for ein del andre drag, som f.eks.

skiftet y – ø, som viser mindre systematikk i samtidsspråket.

Skiftet au–o og øy–o skil seg ut ved å gjelda for berre to ordstammar. Me føreslår

at det lite frekvente [tom] går ut, men at det frekvente flaum/[flom] får halda på

alternativa pga. den store geografiske utbreiinga av begge formene. Ettersom formene

[flom] – [flomme] dekkjer stordelen av monoftongområdet, er det mindre bruk for forma

[flømme], som heller ikkje står i noko systematisk forhold til eit substantiv *fløm, slik

f.eks. [drømm] står til [drøm]. Difor kan også [flømme] gå ut.

e) Som identitetsuttrykk. Ettersom dette så markert representerer eit dialektskilje, vil nok

brukarane føle alternativa som markørar. For det meste er det her tale om regionale

drag, men skiftet øy – ø kan ofte òg avspegla eit skilje mellom sentrum og bygder.

f) Nytt Denne valfridomen har altså vore lenge i nynorsk. Det nye no er at

bruksområdet kan bli større for dei 16 formene som før var klammeformer.

Konklusjon

Desse alternative formene med monoftong/diftong står sterkt nok i nynorsk skriftpraksis

til at ein kan seia ei omlegging måtte reknast som ei markert endring av norma. I

talemålet står også både monoftong og diftong så sterkt at det er rett å ta med begge.

Mindretalsframlegget frå seksjonsmøtet 13.5.02 gjekk inn for at klammeformene

med monoftong skulle strykast, jf. vedlegg 3.

2.1.2 Konsonantar

2.1.2.a Ord med enkel eller dobbel m (typen gamal/gammal, kome/komme,

fridomen/fridommen)

Status i dag

Nokså mange ord har valfridom mellom enkel og dobbel m. (På grunn av den

ortografiske regelen om ikkje å ha dobbel m i utlyd, kjem dette fram berre i bøygde

former i somme ord.) Desse orda (og avleiingar og samansetningar med dei) har

valfridom i læreboknormalen i dag:

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!