Nynorskrettskrivinga - Språkrådet
Nynorskrettskrivinga - Språkrådet
Nynorskrettskrivinga - Språkrådet
You also want an ePaper? Increase the reach of your titles
YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.
40

av informantane frå Rogaland og av 58–83 % frå Møre og Romsdal og sørover kysten

til Vest-Agder. Informantar frå Aust-Agder, Telemark, Buskerud, Oppland og Sør-

Trøndelag kom i den gruppa som brukte diftong i to ord og monoftong i eitt, eller

omvendt.

Elles kan det finnast variasjon i enkeltord, som når f.eks. løk står svært sterkt på

Vestlandet. TALE99 undersøkte utbreiinga av formene naud/nød. Der seier 47 % av

informantane at dei seier nød, 45,5 % bruker naud, og 12 informantar vekslar. Av dei

som seier naud, kom 65–75 % frå Telemark, Aust-Agder og oppetter langs

vestlandskysten til og med Møre og Romsdal. I Buskerud og Sør-Trøndelag er det om

lag jamn fordeling mellom formene, medan nød dominerer med vel 50 % i Oppland

fylke. På Austlandet elles og nordover frå Nord-Trøndelag bruker 75 % av dei spurde

nød.

Skriftmålsgrunnlag

Med ein del frekvente ord som reknegrunnlag viser Nynorsk frekvensordbok at

diftongen øy er brukt i 83 % mot ø i 17 % av tilfella i materialet frå 1978 til 1984.

Lars S. Vikør har i granskinga si av rettskrivinga hjå ti forfattarar frå 1970-åra

funne at dei alle bruker formene aust og haust. Ni har dessutan valt draum og åtte

straum, berre ein drøm og strøm. Ni bruker øy i orda drøyme, gøyme, gløyme, høyre,

strøyme og øyre, og trøyst er brukt av åtte. Ni skriv røyst. Dei monoftongformene som

har fått best gjennomslag, er kjøra og trøtt, 3–4 av forfattarane bruker desse formene.

Bruken av monoftongformer har elles ikkje auka om me går attende og samanliknar

med 30- og 50-årsforfattarskapane Vikør undersøkte.

Åse Wetås har i det avismaterialet ho har granska, funne at diftongforma au står sterkt

jamført med former med monoftongen ø. I dei upubliserte tekstane ser derimot

tendensen ut til å gå i favør av monoftongbruken, men det samla talet på treff er lite.

Når det gjeld vokal-/diftongskiftet øy/ø, dominerer både i desse og dei publiserte

tekstane formene med øy. Wetås nemner at i Bondebladet er det ein tydeleg tendens til å

bruka monftongar, men det blir ikkje systematisk gjennomført, mellom anna finst der

mange døme på drøym- der det skal vera draum-.

Vurdering

a)Talemålsutbreiinga. Det er tydeleg at både former med monoftong og former med

diftong står sterkt i talemålet, og det må ein ta omsyn til om nynorsknorma skal kjennast

naturleg i store delar av landet.

b) Skriftleg bruk. I den skriftlege bruken står diftongane mykje sterkare enn i talemålet,

og det er truleg utslag av den vestlandske dominansen i skriftleg nynorsk. Men bruken

av monoftongformer er likevel så høg – altså nærare 20 % kring 1980 – at det ville vera

markert å fjerne dei or nynorsknorma.