25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

39

kong [kaun] og rogn [raun], og kaup vart berre tillate i tydinga “godt kjøp”. Jamstilte

hovudformer vart no dauv/døv, naud/nød, raust/røst n. Mengda av klammeformer på -ø

auka: [drømme], [dø], [flømme], [gjømme], [glømme], [strømme] og [øre].

Grunngjevinga i Framlegget var at formene med -ø- kunne vera samformer i bokmål og

nynorsk. Men diftongformene [trøytt], [trøytte] og [trøytne] fekk klammeformstatus.

Det var “i folkemålet […] sterkt flertall for formen trøtt, som vil bli en naturlig

samlingsform”. Framlegget meinte at også forma trøyst stod “svakt i dialektene” og

tilrådde difor jamstilling for monoftongforma. 1959-normalen fekk desse jamstilte

hovudformene: høre/høyre, kjøre/køyre, mør/møyr adj., rør/røyr, røst/røyst, røste/

røyste, skjør/skøyr adj., strø/strøye ved sida av strå, trøst/trøyst, trøste/trøyste, ør/øyr.

Samstundes vart [trøytt] klammeform og trøtt hovudform, men dei to formene vart

jamstilte att i 1981.

I 2000 føreslo fagnemnda at klammeformene skulle takast ut or rettskrivinga,

men årsmøtet avviste det.

Dei historiske endringane i nynorsknorma kan illustrerast slik:

Aasen aust draum flaum naud drøyma røyr trøyst høyra

1901

1917 aust/øst draum/

drøm

naud/nød drøyma/

drømma

røyr/rør trøyst/

trøst

høyra/

høra

1938 aust draum drøyma trøyst

[trøst]

høyra

[høra]

1959 draum

[drøm]

flaum

[flom]

drøyma

[drømma]

røyr/rør trøyst/

trøst

høyra/

høra

Framlegg 2000

Største omlegginga skjedde altså i 1917, etter den tid har det kome nokre avgrensingar

og reguleringar.

Talemålsgrunnlag

Hovudmønsteret er at diftongane dominerer i vestlandsk og i midlandsmåla. Elles står

monoftongane sterkt. Men også her finst det ein del variasjon som er avhengig av

konsonanten bak vokalen: Framfor r er øy monoftongert også på delar av Vestlandet. I

austnorsk er det særleg framfor m at monoftongeringa er sterk.

Det er dette mønsteret som avspeglar seg i resultata frå TALE99, som

undersøkte om folk seier flaum eller flom, draum eller drøm og gøyme eller gjømme.

Monoftongformene var brukte av 46,5 %, medan 34,5 % brukte diftongformene med

lang vokal. 13 % brukte diftong i to ord og monoftong i eitt eller omvendt, og 6 %

nemnde fleire former eller mangla form i ein kategori. Området Akershus, Oslo,

Vestfold og Østfold brukte konsekvent monoftongformene, det gjorde òg om lag 90 %

av informantane frå Hedmark, Troms og Finnmark. Diftongformene var brukte av 89 %

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!