Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

sprakradet.no
from sprakradet.no More from this publisher
25.01.2015 Views

36 konsonant (t.d. i fyrst – dvs. uttalt fysst – og syster), mens overgangen til ø er større framfor r (t.d. i mørk og føre). Nynorsksystemet har i hovudsak lagt seg på det felles grunnprinsippet som ein finn i vestlandsk og austlandsk (dvs. eit samsvar med norrøn stavingslengd), og i tillegg prøver det å fanga opp dei mest utbreidde sørnorske variasjonane, som ofte er styrte av konsonanten bak vokalen. Skriftmålsgrunnlag I den nynorske litteraturen gleid ø lett inn i dei orda som i 1917 og 1938 fekk denne skrivemåten obligatorisk. Forma først slo, etter innverknad frå før (eldre fyrr), sterkt igjennom i nynorsk skriftmål etter 1938. Men i ord med valfri y/ø elles gjekk det nokre tiår før ø slo igjennom. I 1930-åra brukte forfattarar som Knut Gjengedal og Ragnvald Vaage formene med y, medan ein finn sterkast ø-bruk hjå t.d. Olav Duun og Bjørn Rongen. Tarjei Vesaas skreiv t.d. bøtte, men myrk og sylv. 50-årsforfattarar som Aslaug Høydal og Johannes Heggland brukte berre y-formene, om ikkje ø-forma var obligatorisk. Lars S. Vikørs undersøking Rettskriving hos nynorskforfattarar peiker på at ø- formene gjev svært klåre utslag hjå undersøkte forfattarar i 70-åra. Dei skreiv alle bølgje, følgje, før, føre, først og mørk. Vikør skriv at dei einaste orda der y-formene er representerte, er dei der ø er klammeform, altså ved løfta og søster. Konklusjonen frå Wetås når det gjeld både publisert og upublisert materiale, er at formene med ø dominerer, både når dei er hovudformer, når formene er jamstilte, og når dei er klammeformer. Formene fyrst og fyrste er likevel sterkt representert i tekstar som ikkje er gjevne ut. Vurdering a) Talemålsutbreiinga. Utgreiinga er svært skiftande for desse orda. Jamt over står nok ø-en sterkast, men y er også brukt i mange ord i så mange dialektar sør om Trøndelag at det er rimeleg han får plass i nynorsknorma. b) Skriftleg bruk. Ø-en dominerer i nyare nynorsk, men i somme ord står likevel y-en sterkt. c) Den indre bygnaden blir ikkje påverka av denne valfridomen. d) Ordgruppe. Desse orda har ikkje andre språklege fellesdrag enn at me er vane med å sjå dei med begge vokalane. Det er nok litt skiftande frekvens av y- og ø-former i desse orda, men me finn det likevel naturleg å sjå på dei som ei samla gruppe, dvs. å ha valfridom også i dei mindre frekvente orda. Å endra berre enkeltord i gruppa vil neppe gjera restgruppa lettare attkjenneleg. e) Som identitetsuttrykk. I dag dominerer nok ø-formene så sterkt at dei nærmar seg ein

37 normalstatus. Men y-formene er opplagt viktige for mange som ynskjer å markera anten sin eigen dialekt eller ei tradisjonell målform. Det gjeld nok frekvente ord som fyrst, fylgje og sysken. f) Nytt Hovuddraget er at språkbrukarane kan halda på dei formene dei har vore vane med å bruka. (Men normframlegget i 2000 avskaffa styrd til støl/stør, og det vil me halda fast på.) Konklusjon Både talemåls- og skriftmålstradisjonen talar for at ei gruppe ord får valfri skrivemåte med y og ø i stammen. At nokre av dei aktuelle orda er tydelege identitetsmarkørar, talar også for det. 2.1.1.b Diftongar – monoftongar (au/ø, au/o og øy/ø) Status i dag I dag har me denne valfridomen i nynorsk ordna etter type alternativ og etter kva konsonant som følgjer etter vokalen: au/ø au/o øy/ø Føre draum [drøm] flaum [flom] fløyme [flømme] m straum [strøm] flaume [flomme] drøyme [drømme] taum [tom] gløyme [glømme] gløymen [glømmen] gløymske [glømske] gløymsk(en) [glømsk(en)] gløymsle [glømsle] gøyme [gjømme] gøymsle [gjømsle] strøyme [strømme] Føre raust/røst n. trøyst/trøst f. st (takrygg) rauste/røste v. trøyste/trøste v. (byggja tak) Føre sk trausk/trøsk m. (frosk) Føre køyre/kjøre v. r høyre/høre v. øyr/ør f. (sandbanke) øyre/øre v. (om elv)

37

normalstatus. Men y-formene er opplagt viktige for mange som ynskjer å markera anten

sin eigen dialekt eller ei tradisjonell målform. Det gjeld nok frekvente ord som fyrst,

fylgje og sysken.

f) Nytt Hovuddraget er at språkbrukarane kan halda på dei formene dei har vore vane

med å bruka. (Men normframlegget i 2000 avskaffa styrd til støl/stør, og det vil me

halda fast på.)

Konklusjon

Både talemåls- og skriftmålstradisjonen talar for at ei gruppe ord får valfri skrivemåte

med y og ø i stammen. At nokre av dei aktuelle orda er tydelege identitetsmarkørar,

talar også for det.

2.1.1.b Diftongar – monoftongar (au/ø, au/o og øy/ø)

Status i dag

I dag har me denne valfridomen i nynorsk ordna etter type alternativ og etter kva

konsonant som følgjer etter vokalen:

au/ø au/o øy/ø

Føre draum [drøm] flaum [flom] fløyme [flømme]

m straum [strøm] flaume [flomme] drøyme [drømme]

taum [tom]

gløyme [glømme]

gløymen [glømmen]

gløymske [glømske]

gløymsk(en) [glømsk(en)]

gløymsle [glømsle]

gøyme [gjømme]

gøymsle [gjømsle]

strøyme [strømme]

Føre raust/røst n.

trøyst/trøst f.

st (takrygg)

rauste/røste v.

trøyste/trøste v.

(byggja tak)

Føre

sk

trausk/trøsk m.

(frosk)

Føre køyre/kjøre v.

r høyre/høre v.

øyr/ør f. (sandbanke)

øyre/øre v. (om elv)

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!