25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

36

konsonant (t.d. i fyrst – dvs. uttalt fysst – og syster), mens overgangen til ø er større

framfor r (t.d. i mørk og føre).

Nynorsksystemet har i hovudsak lagt seg på det felles grunnprinsippet som ein

finn i vestlandsk og austlandsk (dvs. eit samsvar med norrøn stavingslengd), og i tillegg

prøver det å fanga opp dei mest utbreidde sørnorske variasjonane, som ofte er styrte av

konsonanten bak vokalen.

Skriftmålsgrunnlag

I den nynorske litteraturen gleid ø lett inn i dei orda som i 1917 og 1938 fekk denne

skrivemåten obligatorisk. Forma først slo, etter innverknad frå før (eldre fyrr), sterkt

igjennom i nynorsk skriftmål etter 1938. Men i ord med valfri y/ø elles gjekk det nokre

tiår før ø slo igjennom. I 1930-åra brukte forfattarar som Knut Gjengedal og Ragnvald

Vaage formene med y, medan ein finn sterkast ø-bruk hjå t.d. Olav Duun og Bjørn

Rongen. Tarjei Vesaas skreiv t.d. bøtte, men myrk og sylv. 50-årsforfattarar som Aslaug

Høydal og Johannes Heggland brukte berre y-formene, om ikkje ø-forma var obligatorisk.

Lars S. Vikørs undersøking Rettskriving hos nynorskforfattarar peiker på at ø-

formene gjev svært klåre utslag hjå undersøkte forfattarar i 70-åra. Dei skreiv alle

bølgje, følgje, før, føre, først og mørk. Vikør skriv at dei einaste orda der y-formene er

representerte, er dei der ø er klammeform, altså ved løfta og søster.

Konklusjonen frå Wetås når det gjeld både publisert og upublisert materiale, er

at formene med ø dominerer, både når dei er hovudformer, når formene er jamstilte, og

når dei er klammeformer. Formene fyrst og fyrste er likevel sterkt representert i tekstar

som ikkje er gjevne ut.

Vurdering

a) Talemålsutbreiinga. Utgreiinga er svært skiftande for desse orda. Jamt over står nok

ø-en sterkast, men y er også brukt i mange ord i så mange dialektar sør om Trøndelag at

det er rimeleg han får plass i nynorsknorma.

b) Skriftleg bruk. Ø-en dominerer i nyare nynorsk, men i somme ord står likevel y-en

sterkt.

c) Den indre bygnaden blir ikkje påverka av denne valfridomen.

d) Ordgruppe. Desse orda har ikkje andre språklege fellesdrag enn at me er vane med å

sjå dei med begge vokalane. Det er nok litt skiftande frekvens av y- og ø-former i desse

orda, men me finn det likevel naturleg å sjå på dei som ei samla gruppe, dvs. å ha

valfridom også i dei mindre frekvente orda. Å endra berre enkeltord i gruppa vil neppe

gjera restgruppa lettare attkjenneleg.

e) Som identitetsuttrykk. I dag dominerer nok ø-formene så sterkt at dei nærmar seg ein

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!