25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

35

har slått inn på: gi ø større råderum enn før. Det er nok så – som Indst. 1917

hevder – at det er uråd 'at finde noget ledende princip som ikke medfører en

rekke undtagelser'. Men det er en ulempe som en får finne sig i, slik som

forholdene nå engang er. (S. 16)

Endringane i 1938-rettskrivinga drøfta m.a. korleis vokalen er styrt av konsonanten bak

og føreslo ein del overgangar til ø, særleg framfor r.

Framlegg til læreboknormal 1957 rår til at nynorsk går over til ø i dei fleste ord

som er sams for begge måla, og der bokmål har ein fast skrifttradisjon med ø.

Grunngjevinga er ”for tilnærmingens skyld og til lette for skolen” (s. 17). ”…

skriftbildet fra bm. virker inn på dem som skriver nyno., og omvendt; dermed blir det

ustøhet.” (S. 16) Men framlegget ser på reguleringa av skrivemåten med y – ø som eit

vanskeleg punkt, og peiker på at omsynet til ein systematisk skrivemåte ville kravd y.

Og om ein såg nynorsk isolert, ville det ikkje vore grunn til endring.

Tendensen i utviklinga kan dermed illustrerast som i tabellen nedanfor der oppføringane

viser kva endringar som kom, og ved kva rettskrivingsendring dei kom.

(Blanke ruter vil altså seia at det ikkje skjedde noka forandring ved den aktuelle

rettskrivingsendringa.)

Aasen dyr fyl n. kyn fylgja syster mylna vyrda

1901 dør

1917 føl

1938 kjønn fylgja/følgja mylne/mølle vør(d)a/vyrda

1959 følgja [fylgja] syster [søster] vør(d)a [vyrda]

Framl. 2000

Talemålsgrunnlag

Orda som kjem inn i denne gruppa, hadde kort y i norrønt, og dei har fått skiftande

utvikling i norske dialektar ved at ein overgang til ø følgjer ulike mønster.

Hovudmønsteret i Trøndelag og Nord-Noreg er at den gamle korte y-en går over til ø i

alle ord unnateke der det kjem ein palatal (dvs. lyd med j-klang) rett etter, altså høl m.,

bøtte og søster, men mykkje, fyllje og stykkje.

Elles i landet er utviklinga i stor grad avhengig av om y-en stod i kort eller

langstaving i norrønt; på Vestlandet vil det i hovudsak svara til om y-en er forlengd eller

halden kort (jf. møkje mot bytte), mens det i austlandsk ofte samsvarar med om vokalen

stod i einstavings- eller tostavingsord (jf. føll mot bytte). I ord som hadde fått forlengd

vokal (eller vokalen stod i einstavingsord), er overgangen til ø-lyd meir utbreidd i

målføra enn når y hadde halde seg kort, jf. føl, høl og møkje mot bytte og syster.

Meir komplisert er det med gammal y framfor lang konsonant eller

konsonantgruppe i dialektane sørom Dovre. Uttalen er her mykje meir skiftande frå

dialekt til dialekt og frå lydgruppe til lydgruppe; f.eks. står y-lyden sterkt framfor s +

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!