25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

33

Gjennomsnittsalderen på informantane er 63 år, og 83 % er over 50 år. Jamført

med andre grunnlagsopplysningar for dialektoversikter er dette eit relativt ungt

materiale, for det finst ingen forskingskapasitet til å halda alle slike oversikter heilt à

jour. TALE99 vil her tena både som supplement og viktig korrektiv til andre

talemålsoversikter som finst. Men det er svært viktig å vera klar over at sjølv

TALE99 ikkje får med dei nyaste tendensane i talemålsutviklinga – der det kunne

vera av interesse.

b) I 2001 gjorde Åse Wetås fire punktgranskingar for Språkrådet. To av rapportane

kartla språkleg variasjon i nynorske publikasjonar og i ikkje-publisert nynorsk.

I serien Norsk språkråds skrifter gav Lars S. Vikør i 1995 ut Rettskriving hos

nynorskforfattarar. Det er ei undersøking av ortografi og morfembruk hjå 29 nynorskforfattarar,

tilnærma likt fordelte på 1930-, 1950- og 1970-åra. For ein del av

frekvensopplysningane har me brukt Per Vestbøstad: Nynorsk frekvensordbok. Dei

vanlegaste orda i skriftleg nynorsk henta frå aviser, sakprosa og romanar 1978–1984

(Bergen: Alma Mater 1989). Denne boka eit framifrå hjelpemiddel, ikkje minst på

grunn av at ein her får frekvensar for bøyingsformer og skrivemåtar i tillegg til

frekvensar for ordet samla (leksemet). Tekstutvalet er også godt og stort. Ulempa er at

materialet har vorte sirka 20 år gammalt, og bruksmønsteret kan ha forandra seg på den

tida. Likevel er opplysningane frå denne ordboka svært nyttige.

Trass i alle dei undersøkingane me har hatt tilgang til, manglar me mangstad fullgodt

grunnlagsmateriale både om talemålet og om praksis i skriftmålet. Særleg gjeld det

samtida og den næraste fortida. Tidsavgrensinga på arbeidet har gjort det uråd å

undersøkja meir. Det vil alltid vera ynske om å ha fleire opplysningar, men me har

måtta vurdera det mot kva som kan vera viktig for å vurdera dei alternative vedtaka.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!