25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

32

bygnaden skal få fram om det er tale om eit grammatisk drag, og korleis det har plass

innanfor ei beskriving av språkstrukturen, og korleis det i så fall går inn i språklege

reglar. Spørsmålet om ordgruppe skal framheva fellesdrag eller tendensar til fellesdrag

mellom ord som gjer at dei kan lett kjennast att av språkbrukarane.

Spørsmålet om identitetsuttrykk må omtalast meir på grunnlag av skjønn enn

vurderingspunkta ovanfor. Her må referansegruppa byggja på den intuisjonen medlemmene

har som aktive nynorskspråkbrukarar. Men interessant er det at det ikkje har

vore vanskeleg å bli einig om karakteristikkane.

I ein normeringssamanheng skal ein sjølvsagt vera merksam på at moment som

utbreiing i skriftleg bruk, stilverdi og høve til markering av identitet i ikkje liten grad er

resultat av tidlegare normeringspolitikk, og dei kjem truleg til å bli det vidare òg.

Dermed ligg det ein fare for sirkularitet i å bruka slike kriterium. Men me legg merke til

at det ikkje alltid er slik at normeringspolitikken har styrt fullstendig; den språklege

praksisen er eit visst korrektiv. Dessutan byggjer normeringa på andre omsyn som

talemålsutbreiing og indre bygnad.

Listene over ord nedanfor prøver me å gjera fullstendige, men oversiktlege. Difor

kjem me til å gje berre éi grunnform av orda. Når det såleis står berre [vyrde] vørde,

gjeld opplysningane og framlegget òg ord som [vyrdsam] vørdsam, [vyrdeleg] vørdeleg,

[vyrdnad] vørdnad. I svært mange tilfelle har oppslagsforma av eit verb og eit

substantiv same forma, slik at ei oppføring som f.eks. [bylgje] bølgje skal lesast som

både verbet [bylgje] bølgje og substantivet [bylgje] bølgje f. Der det er unntak eller av

andre grunnar trengst grammatiske merknader, set me til v. for verb, s. for substantiv

(og ofte m. for hankjønnsord, f. for hokjønnsord og n. for inkjekjønnsord). Der berre ein

sluttvokal skil substantiv og verb, kan me føra opp med parentes, f.eks. slik: gløtt(e)

[glytt(e)].

Kjelder

Me vil her nemna noko av litteraturen og undersøkingane som det blir vist til nedanfor:

a) Hausten 1999 gjennomførte Norsk språkråd ei språkgeografisk undersøking i

samband med rettskrivingsarbeidet i nynorsk. Denne talemålsundersøkinga blir

omtala her som TALE99. Det vart utarbeidd ei spørjeliste for å få kartlagt utbreiinga

av ein del ord- og bøyingsformer i dialektane. Spørjelista vart send til om lag 300

informantar, mellom anna til kontaktnettet Norsk målførearkiv bruker, og til

medlemmene i Norsk språkråd. Det kom inn over 200 utfylte lister, og

svarmaterialet vart systematisert av sekretariatet.

Ein veikskap ved undersøkinga er at ho ikkje har eit informantutval som er

representativt for brukarane av norsk som morsmål. For å avgrensa arbeidet måtte

ein bruka lett tilgjengelege adresselister, og dessutan var ein avhengig av å få

motiverte språkinteresserte og språkreflekterte informantar for å sikra pålitelege svar

– igjen for å avgrensa arbeidsmengda. Men materialet er inndelt geografisk, slik at

ein kan korrigera noko av skeivskapen.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!