Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

sprakradet.no
from sprakradet.no More from this publisher
25.01.2015 Views

30 nytt no. Desse to prinsippa er situasjonsbundne fordi dei gjeld arbeidet med denne utgreiinga. Prinsippa for nynorskrettskrivinga frå 1997 og 2000 er meinte som allmenne retningslinjer. I framstillinga vidare i utgreiinga, f.eks. der me beskriv statusen i dag, tek me utgangspunkt i den gjeldande rettskrivinga. Det er den som eventuelt skal endrast. Men ettersom framlegget frå årsmøtet i 2000 gav premissar for førebuingsarbeidet, må me òg nemna det i drøftingane. Difor refererer me dei sideformene i gjeldande rettskriving (med få unnatak sideformer) som 2000-møtet gjekk inn for å avskaffa med ei stutt grunngjeving.

31 2 FRAMLEGG TIL VALFRIE FORMER 2.0 Disposisjon og kjelder Disposisjon Dei kategoriane som skal omtalast her, går fram av Vedlegg 2, punkt II, og dei byggjer såleis på vedtaket på møtet i nynorskseksjonen i Norsk språkråd 13.5.02 om kva kategoriar ein ynskte nynorsknorma skulle ha valfrie former i. Dei kategoriane det på same møtet var fleirtal for å sløyfa valfridom i, blir omtala i kapittel 3. Disposisjonen i utgreiingane nedanfor følgjer på lag den som har vore brukt i tidlegare utgreiingar om rettskrivingsendringar, særleg Framlegg til læreboknormal 1957. Kapittel 2 er delt opp i hovudgruppene lydverket, formverket og einskildord, som atter er delte opp i underpunkt. Kvart underpunkt representerer ein kategori det er formulert eit framlegg til. Dette framlegget svarar til vedtaka 13.5.02, men i eit par tilfelle har referansegruppa funne det naturleg å slå saman kategoriar frå maimøtet. Under kvart punkt kjem det i tillegg til ei formulering av framlegget også ein omtale av status i dag, normeringshistoria og tale- og skriftmålsbakgrunnen. Omtalen munnar ut i ei vurdering og ein konklusjon som tek utgangspunkt i prinsippa for normeringa, jf. 1.3 og 1.6: a) talemålsutbreiinga b) utbreiing i skriftleg bruk c) den indre bygnaden d) om kategorien utgjer ei ordgruppe (ein klasse). Dessutan vart det på seksjonsmøta i februar og mai 2002 understreka at ein også bør ta omsyn til dei mange ynska som finst om å skriva ein personleg, tradisjonell, moderne eller regional nynorsk. Eit slikt omsyn kan opna for at også mindre frekvente drag kan koma med i norma når ein ser at dei er viktige for grupper av nynorskbrukarar. Dette prinsippet tek også omsyn til det læringstekniske argumentet at brukaren skal kunna kjenna att talemålssærdrag i skriftspråksforma og dermed identifisera seg med språkforma. På dei same møta var det også ynske om at ein har som siktemål med arbeidet at flest mogleg nynorskbrukarar skal sleppa å måtta leggja om skrivevanane sine. Difor har me også teke med desse momenta under vurderinga: e) om kategorien representerer noko som blir brukt som identitetsuttrykk, og f) om framlegget innfører noko nytt jamført med rettskrivinga som gjeld i dag. I dei tilfella der eitt av desse kriteria er rekna som irrelevant, blir det hoppa over i framstillinga. Under Status i dag tek me utgangspunkt i det ordtilfanget som er kome med i Nynorskordboka. Når det gjeld utbreiinga i dialektane og i skriftleg bruk, er det som nemnt ovanfor problem med å ha heilt oppdaterte opplysningar. Kriteriet om den indre

31

2 FRAMLEGG TIL VALFRIE FORMER

2.0 Disposisjon og kjelder

Disposisjon

Dei kategoriane som skal omtalast her, går fram av Vedlegg 2, punkt II, og dei byggjer

såleis på vedtaket på møtet i nynorskseksjonen i Norsk språkråd 13.5.02 om kva kategoriar

ein ynskte nynorsknorma skulle ha valfrie former i. Dei kategoriane det på same

møtet var fleirtal for å sløyfa valfridom i, blir omtala i kapittel 3.

Disposisjonen i utgreiingane nedanfor følgjer på lag den som har vore brukt i

tidlegare utgreiingar om rettskrivingsendringar, særleg Framlegg til læreboknormal

1957. Kapittel 2 er delt opp i hovudgruppene lydverket, formverket og einskildord, som

atter er delte opp i underpunkt. Kvart underpunkt representerer ein kategori det er

formulert eit framlegg til. Dette framlegget svarar til vedtaka 13.5.02, men i eit par

tilfelle har referansegruppa funne det naturleg å slå saman kategoriar frå maimøtet.

Under kvart punkt kjem det i tillegg til ei formulering av framlegget også ein

omtale av status i dag, normeringshistoria og tale- og skriftmålsbakgrunnen. Omtalen

munnar ut i ei vurdering og ein konklusjon som tek utgangspunkt i prinsippa for

normeringa, jf. 1.3 og 1.6:

a) talemålsutbreiinga

b) utbreiing i skriftleg bruk

c) den indre bygnaden

d) om kategorien utgjer ei ordgruppe (ein klasse).

Dessutan vart det på seksjonsmøta i februar og mai 2002 understreka at ein også bør ta

omsyn til dei mange ynska som finst om å skriva ein personleg, tradisjonell, moderne

eller regional nynorsk. Eit slikt omsyn kan opna for at også mindre frekvente drag kan

koma med i norma når ein ser at dei er viktige for grupper av nynorskbrukarar. Dette

prinsippet tek også omsyn til det læringstekniske argumentet at brukaren skal kunna

kjenna att talemålssærdrag i skriftspråksforma og dermed identifisera seg med

språkforma. På dei same møta var det også ynske om at ein har som siktemål med

arbeidet at flest mogleg nynorskbrukarar skal sleppa å måtta leggja om skrivevanane

sine. Difor har me også teke med desse momenta under vurderinga:

e) om kategorien representerer noko som blir brukt som identitetsuttrykk, og

f) om framlegget innfører noko nytt jamført med rettskrivinga som gjeld i dag.

I dei tilfella der eitt av desse kriteria er rekna som irrelevant, blir det hoppa over i

framstillinga.

Under Status i dag tek me utgangspunkt i det ordtilfanget som er kome med i

Nynorskordboka. Når det gjeld utbreiinga i dialektane og i skriftleg bruk, er det som

nemnt ovanfor problem med å ha heilt oppdaterte opplysningar. Kriteriet om den indre

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!