Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

sprakradet.no
from sprakradet.no More from this publisher
25.01.2015 Views

28 vera klårt kva for språkpolitiske fordelar og ulemper som husnormer har. Det er viktig å ta opp her ettersom graden av valfridom i norma kan påverka argumentasjonen om behovet for husnormer: Husnormer overlet noko av makta over språkforma til ei gruppe enkeltpersonar, som då samla kan gje norma eit einsidig preg som ikkje er tiltenkt den offisielle og demokratiske språkpolitikken. (Jamfør beskrivinga under punktet om normer.) Også husnormer i det offentlege apparatet kan representera det departementet omtalar som dobbelkommunikasjon dersom dei seg imellom har eit svært homogent preg, fordi visse ordformer får status som meir gangbare enn andre blant dei prinsipielt jamstilte. På den andre sida kan det i offisiell språkpolitikk leggjast føringar for korleis slike husnormer skal sjå ut. Det ville vera rimeleg at offentlege kontor formar ut husnormene sine slik at dei tek mest mogleg omsyn til kva som er dominerande i talemålet i verkeområdet for kontoret. Dermed ligg det eit demokratisk omsyn til grunn. I tillegg kan ein på den måten sikra at ein viss variasjon blir brukt, for fylkesadministrasjonane vil då kunna ha ulike husnormer, og dei igjen kan vika av frå husnormene i statsadministrasjonen. Det er nok også slik situasjonen dels er i dag. (Men med den avgrensa og nokså oversiktlege valfridomen som det er forslag om her, bør arbeidet med å laga husnormer vera sterkt forenkla. Men Språkrådet må f.eks. kunne hjelpa til med arbeidet.) Ved at husnormer ikkje ligg føre i autoriserte ordlister for skule og allmente, og ved at dei har variasjon seg imellom, kan ein motverka det kritiske momentet ovanfor om at dei utviklar dobbelkommunikasjon om skriftnormene. 1.6 Retningslinjer Arbeidet med dette revisjonsframlegget har bygd på dei generelle retningslinjene for normering av nynorsk som vart vedtekne i 1997 og 2000, jf. framstillinga i pkt. 1.3. Ettersom premissen om normhierarki no skal falla bort, er hovudinnhaldet i desse retningslinjene at ein skal ta omsyn til kva former som er i skriftleg bruk, til kva former som er utbreidde i målføra, til den indre bygnaden i skriftmålet, og til at endringar mest mogleg skal gjelda klassar av ord eller former. Under drøftingane på seksjonsmøta i februar og mai 2002 kom det også til uttrykk at ein måtte ta omsyn til at nynorskbrukarane nyttar språkforma som uttrykk for ulike identitetar, og at færrast mogleg må leggja om språkvanane sine ved ei endring. Desse siste retningslinjene låg også til grunn for det framlegget som vart vedteke på maimøtet, og difor blir dei brukte i denne utgreiinga. Det er ein fordel å byggja normeringsarbeidet på klårt formulerte retningslinjer, m.a. fordi språkpolitikken dermed blir meir gjennomsiktig, lettare å forstå og å akseptera. Dessutan blir det lettare i seinare drøftingar å argumentera både for og mot enkeltpunkt i norma, og det blir lettare å koma unna reint subjektive reaksjonar til enkeltdrag eller enkeltord.

29 Nynorskseksjonen gav i februar 2002 uttrykk for at 2000-framlegget skulle liggja i botnen av dei framlegga referansegruppa skulle utarbeida. Samtidig skal gruppa presentera eit framlegg til endring av den gjeldande rettskrivinga. Difor bør dette forholdet presiserast noko her. Etter 2000-framlegget har me no eit system med fire kategoriar: 1 Hovudformer etter den gjeldande rettskrivinga og etter 2000-framlegget. Desse kan vera anten eineformer, t.d. fleirtal av regelrette substantiv: hestar, bygder, eller jamstilte hovudformer, t.d. infinitiv: kasta/kaste. 2 Hovudformer etter gjeldande rettskriving, klammeformer etter 2000-framlegget, t.d. fleirtal menner, feilar. 3 Klammeformer etter den gjeldande rettskrivinga og etter 2000-framlegget, t.d. ”regelrette” fleirtalsformer av substantiv: elver, bekkar. 4 Former som vart tekne ut i 2000-framlegget. Dei fleste er klammeformer etter gjeldande rettskriving, t.d. presens av sterke verb [kjemer], preteritum [fikk], [gikk]. Andre er hovudformer, t.d. preteritum sagde, komparativ bakare, bortare. Det at gruppa skulle arbeida ut frå 2000-framlegget, vil seia at ho ikkje har gjort noko med formene av kategori 1. Ettersom premissen er at klammene skal bort, ville det einaste gruppa eventuelt kunne gjera med desse formene, vera å fjerna somme av dei jamstilte hovudformene. Men rådet har alt vedteke at desse jamstilte formene skal stå, og gruppa reknar det ikkje som korkje taktisk klokt eller politisk mogleg å føreslå at nokon av dei skal ut or rettskrivinga. Av same grunn kjem det heller ikkje nye framlegg om formene av kategori 4. Rådet har vedteke å ta dei ut or rettskrivinga, og ettersom nynorskseksjonen no skal avgrensa norma noko, er det ingen grunn til å ta nokon av formene i kategori 4 inn att. Grunnen til at dei vart tekne ut, var at dei anten var svært lite brukte, eller at dei var typiske ”tilnærmingsformer”. Me står då att med kategoriane 2 og 3, det vil seia alt som er klammeformer etter 2000-framlegget. Sidan det altså er det som er utgangspunktet, er det ingen grunn til å skilja prinsipielt mellom desse to kategoriane. Seksjonsmøtet 13.5.02 slutta seg til desse to situasjonsbundne prinsippa for arbeidet med nynorsknorma: A Den valfridomen i læreboknormalen som var resultatet av vedtaka på rådsmøtet i 2000, blir ståande som valfridom i den reviderte norma. B Dei sideformene som rådsmøtet i 2000 gjekk inn for å avskaffa, blir ikkje vurderte på

29

Nynorskseksjonen gav i februar 2002 uttrykk for at 2000-framlegget skulle liggja

i botnen av dei framlegga referansegruppa skulle utarbeida. Samtidig skal gruppa

presentera eit framlegg til endring av den gjeldande rettskrivinga. Difor bør dette

forholdet presiserast noko her. Etter 2000-framlegget har me no eit system med fire

kategoriar:

1 Hovudformer etter den gjeldande rettskrivinga og etter 2000-framlegget. Desse

kan vera anten eineformer, t.d. fleirtal av regelrette substantiv: hestar, bygder,

eller jamstilte hovudformer, t.d. infinitiv: kasta/kaste.

2 Hovudformer etter gjeldande rettskriving, klammeformer etter 2000-framlegget,

t.d. fleirtal menner, feilar.

3 Klammeformer etter den gjeldande rettskrivinga og etter 2000-framlegget, t.d.

”regelrette” fleirtalsformer av substantiv: elver, bekkar.

4 Former som vart tekne ut i 2000-framlegget. Dei fleste er klammeformer etter

gjeldande rettskriving, t.d. presens av sterke verb [kjemer], preteritum [fikk],

[gikk]. Andre er hovudformer, t.d. preteritum sagde, komparativ bakare, bortare.

Det at gruppa skulle arbeida ut frå 2000-framlegget, vil seia at ho ikkje har gjort noko

med formene av kategori 1. Ettersom premissen er at klammene skal bort, ville det

einaste gruppa eventuelt kunne gjera med desse formene, vera å fjerna somme av dei

jamstilte hovudformene. Men rådet har alt vedteke at desse jamstilte formene skal stå,

og gruppa reknar det ikkje som korkje taktisk klokt eller politisk mogleg å føreslå at

nokon av dei skal ut or rettskrivinga.

Av same grunn kjem det heller ikkje nye framlegg om formene av kategori 4.

Rådet har vedteke å ta dei ut or rettskrivinga, og ettersom nynorskseksjonen no skal

avgrensa norma noko, er det ingen grunn til å ta nokon av formene i kategori 4 inn att.

Grunnen til at dei vart tekne ut, var at dei anten var svært lite brukte, eller at dei var

typiske ”tilnærmingsformer”.

Me står då att med kategoriane 2 og 3, det vil seia alt som er klammeformer etter

2000-framlegget. Sidan det altså er det som er utgangspunktet, er det ingen grunn til å

skilja prinsipielt mellom desse to kategoriane.

Seksjonsmøtet 13.5.02 slutta seg til desse to situasjonsbundne prinsippa for

arbeidet med nynorsknorma:

A Den valfridomen i læreboknormalen som var resultatet av vedtaka på rådsmøtet i

2000, blir ståande som valfridom i den reviderte norma.

B Dei sideformene som rådsmøtet i 2000 gjekk inn for å avskaffa, blir ikkje vurderte på

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!