25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

28

vera klårt kva for språkpolitiske fordelar og ulemper som husnormer har. Det er viktig å

ta opp her ettersom graden av valfridom i norma kan påverka argumentasjonen om

behovet for husnormer:

Husnormer overlet noko av makta over språkforma til ei gruppe enkeltpersonar,

som då samla kan gje norma eit einsidig preg som ikkje er tiltenkt den offisielle og

demokratiske språkpolitikken. (Jamfør beskrivinga under punktet om normer.) Også

husnormer i det offentlege apparatet kan representera det departementet omtalar som

dobbelkommunikasjon dersom dei seg imellom har eit svært homogent preg, fordi visse

ordformer får status som meir gangbare enn andre blant dei prinsipielt jamstilte.

På den andre sida kan det i offisiell språkpolitikk leggjast føringar for korleis

slike husnormer skal sjå ut. Det ville vera rimeleg at offentlege kontor formar ut

husnormene sine slik at dei tek mest mogleg omsyn til kva som er dominerande i

talemålet i verkeområdet for kontoret. Dermed ligg det eit demokratisk omsyn til grunn.

I tillegg kan ein på den måten sikra at ein viss variasjon blir brukt, for

fylkesadministrasjonane vil då kunna ha ulike husnormer, og dei igjen kan vika av frå

husnormene i statsadministrasjonen. Det er nok også slik situasjonen dels er i dag. (Men

med den avgrensa og nokså oversiktlege valfridomen som det er forslag om her, bør

arbeidet med å laga husnormer vera sterkt forenkla. Men Språkrådet må f.eks. kunne

hjelpa til med arbeidet.)

Ved at husnormer ikkje ligg føre i autoriserte ordlister for skule og allmente, og

ved at dei har variasjon seg imellom, kan ein motverka det kritiske momentet ovanfor

om at dei utviklar dobbelkommunikasjon om skriftnormene.

1.6 Retningslinjer

Arbeidet med dette revisjonsframlegget har bygd på dei generelle retningslinjene for

normering av nynorsk som vart vedtekne i 1997 og 2000, jf. framstillinga i pkt. 1.3.

Ettersom premissen om normhierarki no skal falla bort, er hovudinnhaldet i desse

retningslinjene at ein skal ta omsyn til kva former som er i skriftleg bruk, til kva former

som er utbreidde i målføra, til den indre bygnaden i skriftmålet, og til at endringar mest

mogleg skal gjelda klassar av ord eller former. Under drøftingane på seksjonsmøta i

februar og mai 2002 kom det også til uttrykk at ein måtte ta omsyn til at nynorskbrukarane

nyttar språkforma som uttrykk for ulike identitetar, og at færrast mogleg må

leggja om språkvanane sine ved ei endring. Desse siste retningslinjene låg også til grunn

for det framlegget som vart vedteke på maimøtet, og difor blir dei brukte i denne

utgreiinga.

Det er ein fordel å byggja normeringsarbeidet på klårt formulerte retningslinjer,

m.a. fordi språkpolitikken dermed blir meir gjennomsiktig, lettare å forstå og å

akseptera. Dessutan blir det lettare i seinare drøftingar å argumentera både for og mot

enkeltpunkt i norma, og det blir lettare å koma unna reint subjektive reaksjonar til

enkeltdrag eller enkeltord.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!