25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

27

norma, er eit system med klammeformer sjølvsagt meir krevjande. Systemet som heilskap

kan verka uoversiktleg, og grensene mellom det "meir og mindre tillatne" kan

synast vanskelege å forstå. Også for dei som skal undervisa i heile norma, kan det

kjennast som ei tung oppgåve å meistra dei detaljane ein sjølv ikkje treng å kjenna til

for si eiga personlege språkform. Men lærarane må uansett ha ei viss oversikt over

valfridomen anten han er organisert i hierarki eller ei, og eit hierarki kunne ha den

pedagogiske fordelen at det gjev høve til å oversjå visse detaljar i undervisninga, f.eks.

klammeformer som ikkje høver for talemålet i den aktuelle regionen.

For nynorsken isolert er det vanskeleg å konkludera eintydig med at hierarkiet i

seg sjølv gjev opplagde ulemper eller fordelar. Men når me no får ei bokmålsnorm utan

klammesystem, kan det visa seg å bli ei taktisk ulempe for nynorsken å vera åleine om å

ha eit klammeformsystem. Det kan bli oppfatta som ein ekstra abstraksjon som må

lærast berre for denne eine målforma, og dermed fører systemet til ei taktisk ulempe i

skulen. Ettersom nynorsken er eit mindretalsskriftmål, kan dette særdraget ved han bli

knytt til ein stereotypi med negative assosiasjonar. Klammesystemet kan fungera som

eit argument mot nynorsk, denne målforma er så vanskeleg pga. klammesystemet – utan

at det blir påvist nokon slik samanheng.

På dette grunnlaget finn me det rettast å gjera framlegg om å ta bort klammesystemet

i nynorsk, slik at alle godkjende former som heretter står i rettskrivinga, er

jamstilte i bruk for alle – også i lærebøker og statsadministrasjon.

1.5.3 Husnormer

I punkt 1.2.3 er det nemnt at aviser, forlag og departement kan ha ’husnormer’, dvs. ei

privat eller intern norm som godkjenner berre éi form der den offisielle norma har val.

Argumentasjonen for slike husnormer kan ymsa ein del, frå estetiske til

marknadsøkonomiske og reint praktiske grunngjevingar.

Argumentet om at det er forvirrande å sjå ulike skriftformer i f.eks. same avisa,

byggjer på eit språkpolitisk og kulturpolitisk ideal om homogenitet, like mykje som det

alternativet synet om at det nettopp er ein rikdom med språkleg mangfald, byggjer på

andre kulturpolitiske ideal. Det finst aviser i Noreg som praktiserer svært lita redaksjonell

språkstyring, og det er vanskeleg å sjå at dei fungerer dårlegare språkleg enn

”heilstandardiserte” aviser.

Dersom fleire skal samarbeida om tekstar, anten det er brev eller utgreiingar, er

det svært tenleg å ha ei felles norm. Då er mange spørsmål løyste ein gong for alle.

Dessutan er det nok slik at statstilsette, som skal bruka både bokmål og nynorsk etter

reglane i mållova, ofte ikkje kjenner seg fullgodt heime i begge målformene og heller

ikkje føler begge som sine personlege. I slike tilfelle vil mange sjå det som ein fordel å

få ei "enkel oppskrift" dei skal følgja. I samband med indre opplæring i etatane har då

sjølvsagt slike enkle husnormer også pedagogiske fordelar.

Me kan altså ikkje oversjå behovet for husnormer av slike grunnar. Men det bør

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!