25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

26

1.5.2 Fordelar og ulemper med hierarki i rettskrivinga

Den tydelegaste fordelen med det hierarkiet me har i rettskrivinga i dag, er at det gjev

eit godt høve til å påverka tendensen i språkendringsprosessen. Tolkar ein dette inn i

modellen for normdanningsprosessen, kan ein seia at den offentlege språkpolitikken

med ein liberal rettskrivingspolitikk gjev fridom for fleire normagentar til å innverka på

det som blir inndata i prosessen, samstundes som han har god kontroll med ein viktig

del av skriftbiletestimulia i prosessen, nemleg lærebøker og offentlege dokument. Dei

sistnemnde teksttypane står så sterkt i nynorsksamfunnet at dei vil påverka tydeleg det

som synest vera dominerande og nøytralt i skriftspråket. Normsystemet vårt med

hierarki er altså eit godt instrument for å påverka skriftspråksutviklinga i ynskt retning.

Systemet med hierarki har språkpolitisk sett fungert som kompromiss mellom to

motsette mål for nynorsknormeringa: a) ein nokså fast normal til bruk i formelle

sjangrar som lærebøker og statstenesta og til bruk for dei som ynskjer eit klårt mønster å

gå etter, og b) større valfridom for dei som ynskjer å skriva talemålsnært eller gje

uttrykk for identitet og språkpolitisk haldning gjennom skriftspråket sitt, anten det er i

tradisjonalistisk, modernistisk eller regional lei.

Departementet er i brevet sitt frå desember 2000 inne på at eit rettskrivingssystem

med klammeformer kan vera ei form for dobbelkommunikasjon. På den eine sida understrekar

ein at språkbrukarane – utanom lærebokforfattarar og folk i statsadministrasjonen

– fritt kan bruka alle formene innanfor den vide rettskrivinga, medan ein på hi

sida fokuserer sterkt på at visse former likevel har hovudformstatus og skal ha vidast

bruksområde. Skiljet mellom hovudformer og klammeformer blir markert tydeleg i

lærebøkene og i skuleordlistene, og det blir dermed gjort til ein viktig del av rettskrivingskunnskapen,

sjølv om det eigentleg skal ha konsekvensar berre for ei avgrensa

gruppe språkbrukarar. Det er heller ikkje ukjent at lærarar åtvarar mot å bruke klammeformer

eller markerer på annan måte at dei ikkje er like akseptable. Dermed blir

valfridomen ikkje reell trass i offentleg språkpolitikk, og hierarkiet skaper ei usikkerheit

som har pedagogiske ulemper.

Systemet med hierarki er altså knytt til ynsket om stor valfridom, som igjen er

knytt til språkideologiske oppfatningar, og difor har det hatt skiftande styrke. Utover i

1970-åra vart fordelane med valfridom og dialektnært skriftmål sterkt framheva, og

Språkrådet opna for nokre fleire former frametter i 1970- og 1980-åra. På slutten av

1900-talet svinga pendelen, og det har vorte vanlegare å understreka ulempene med

stort formval i rettskrivinga. Det har f.eks. kome fram i vedtak i Språkrådet og m.a. no i

brevet frå departementet frå 2000.

Det kan knapt påvisast at det er nokon læringstekniske ulemper med hierarki og

valfridom for skuleelevane, som skal kunna velja fritt til si personlege språkform. Det er

så mange faktorar i språklæringa at det er vanskeleg å skilja ut denne eine faktoren. For

elevar og vanlege språkbrukarar er det truleg valfridomen som er til eventuell fordel

eller ulempe, ikkje sjølve organiseringa av valfridomen.

For dei meir "avanserte" brukarane, dvs. dei som blir pålagde å følgja den tronge

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!