25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

25

bokmål, blir han ofte ikkje opplevd slik.

På den andre sida kan det vera ynskjeleg som skribent å få utnytta valfridomen i

bøyingsformer og alternative skrivemåtar, der ein kan få fram ulike stillag, eventuelt

signalisera språkpolitisk ståstad. Wetås’ undersøkingar viser at dei som er mest positive

til valfridomen, er profesjonelle språkbrukarar. Forfattarar ser det som eit høve til å

utvikla ein personleg og særprega stil utan å gå ut over norma. Også andre språkmedvitne

folk kan ynskja å utvikla sin personlege stil, eller å dyrka dialekten gjennom

skriftspråket. For mange er valet av språkformer eit ynske om å visa regional tilknyting,

ei markering av tilhøyrsle til staden der ein voks opp, eller eit ynske om å markera

opposisjon til "det etablerte". Studiar med sosiologisk innfallsvinkel viser at

nynorskbrukarar jamt over har andre kulturelle haldningar og verdiar enn bokmålsfolk.

Mellom anna er dei meir opptekne av personleg prega språkbruk og mindre av at

språket skal vera fullt standardisert og homogent. Valfridomen i rettskrivinga er såleis i

samsvar med ein slik nynorskideologi; valfridomen er viktig ideologisk og symbolsk –

sjølv om han ikkje blir utnytta så mykje som den vide rettskrivinga gjev høve til.

1.5 Hierarkiet i rettskrivinga

1.5.1 Ulike typar valfridom

Hittil har ein nynorskbrukar som ikkje er tilsett i offentleg teneste eller skriv lærebøker,

kunna velja om han vil skriva innanfor læreboknormalen eller utnytta den vide rettskrivinga.

Begge desse systema har valfridom: Læreboknormalen fører opp jamstilte

hovudformer, og innanfor rettskrivinga kan ein velja mellom desse og alternative sideformer/klammeformer.

På møtet 13.5.02 rådde fleirtalet i nynorskseksjonen i Språkrådet

til at nynorsk går bort frå klammeformsystemet. Eit framlegg (frå Johan Myking) om å

halda på systemet slik det er i dag, vart vraka, jf. vedlegg 4.

Valfridomen me no har innanfor nynorskrettskrivinga, gjeld i første omgang

lydverket og bøyingsverket. Lydverket femner om valfrie vokalar (leppe/lippe,

skole/skule), diftongar (dauv/døv) og konsonantar (lynne/lynde, kjøk(k)en), og her kan

me òg ta med valfrie einskildord (eigen(t)leg, spei(d)ar) og suffiks (-leg [-lig], -ig/-ug).

Under bøyingsverket finn ein valfridom innanfor ordklassane substantiv (ei/ein/eit vis,

stilker [stilkar]), verb (a-inf./e-inf. [kløyvd inf.], nådd/nått, tolde/tolte), adjektiv (lita

[liti]), pronomen (henne/ho, obj.form) og saman- og særskriving (iallfall / i alle fall).

Valfridomen går òg på ordtilfanget, som også i nynorsk i prinsippet skal vera

ope. Likevel finst det ein del importord som strir mot den nynorske tradisjonen for val

og bruk av ord, og Norsk språkråd vedtok i 1999 retningslinjer for opptak av tyske og

danske importord i nynorske ordbøker og ordlister. Etter vedtak i styret i 1999 skal

sekretariatet i Språkrådet godkjenna skuleordlister på grunnlag av desse retningslinjene.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!