25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

24

svært stor gruppe. Sterke verb med svak bøying og omvendt er det også mange av, og ei

stor gruppe e-verb blir bøygde som a-verb. Ho gjev elles omfattande døme på hybride

ordformer (befaring, bod, egenandel, gave, valg), der leksemet svarar til bokmål, medan

bøyinga følgjer nynorsksystemet.

Når det gjeld innslag av bokmålsord og bokmålssyntaks i nynorsktekstar, peiker

Søyland på at det er vanskeleg å seia kva som eintydig er påverknad frå skriftspråket

bokmål, og kva som er resultat av eit bokmålspåverka talemål. Somt er nok frå begge.

Nynorskskrivande elevar på Austlandet er meir påverka av bokmål både i skrift og tale

enn vestlandselevane. Austlandselevane er i utkanten av nynorskområdet og ser såleis

mindre skriftleg nynorsk, og dialektane i austlandsområda er dessutan under sterkt press

frå bokmål. Ein standardmal påverkar talemålet. Søyland har registrert feil med klar

dialektbakgrunn som fing (finger), hue (hovud), kyra (kua), ledar (leiar), skjeve (skive).

Derimot er det truleg skriftbiletet frå bokmål som får nynorskelevar til å skriva

foreldrene og gje inkjekjønnsord ending i ubunden form fleirtal: dyrene, tingene,

møtene. I undersøkinga ”Kor godt meistrar kommande lærarar nynorsk” finn Stauri

(2001) mindre av talemålsinterferens enn av bokmålsinterferens, og talemålsinterferensen

gjeld eit lite utval ord, t.d. infinitiven sei for seia. Stauri meiner det er særleg grunn

til å tru at dialektformer stikk fram i avviksmengda der dialekt og bokmål går i same lei,

og i mindre grad der dialekten skil seg frå bokmål.

1.4.6 Ulike perspektiv på valfridomen

Når endringar i skriftnormalane anten har ført til større valfridom eller har redusert han,

har den viktigaste grunngjevinga oftast vore omsynet til norskopplæringa i skulen. Den

særnorske ordninga med hovud- og klammeformer har vore eit kompromiss mellom dei

ulike vurderingane av valfridom. Elevane har vorte skjerma mot å møta altfor mange

skriftbilete i lærebøkene. Ei form ein har sett mange gonger før, lettar lesinga. Mange

vil påstå at dette er ei ideell ordning for eit ungt menneske i første lese- og skrivefasen.

Samstundes har den vide rettskrivinga i årevis vore tilgjengeleg for elevane når dei

sjølve skriv, og for vanlege språkbrukarar elles. Men materialet frå Wetås (2001d) syner

at somme tykkjer formmangfaldet er for stort. I staden for at det opnar for bruk av

individuelle og talemålsprega former, kjem det fram to tydelege tendensar for korleis

folk opplever normer: Den eine er at valfridomen i den nynorske rettskrivinga ikkje blir

utnytta, ikkje ein gong der slike former ville spegla dialekten betre enn hovudformene.

Grunnen er såleis ikkje at nynorsken ikkje er dialektnær nok. Og det vanlegaste

argumentet for nynorsk ved skulemålsrøystingar i utsette nynorskkrinsar, nemleg at

nynorsken er det skriftmålet som passar best til talemålet på staden, får lite å seia i

praksis, kanskje fordi lærarane ikkje formidlar innsikt i denne fridomen. Den andre

tendensen er at brukarane er usikre på kva som er ”tillate”, og kva som er ”forbode” i

nynorsk. Uvissa om rett og gale blir vidare ein grunn som folk gjev opp for å skifta til

bokmål som hovudmål. Mange ser det som ein mangel ved nynorsk at han ikkje er

etablert som eit fasttømra skriftspråk. Jamvel om den offisielle valfridomen er like stor i

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!