25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

221

Vedlegg 4:

Framlegg frå Johan Myking til møtet 13.5.02

Johan Myking

Nordisk institutt

UiB

01.05.02

Til

Referansegruppa (den utvida fagnemnda)

Eg er kjend med at referansegruppa har møte for å førebu møtet i seksjonsmøtet 13.

mai. Med dette vil eg leggja fram dette framlegget til røystetema for seksjonsmøtet:

Skiljet mellom hovudformer og sideformer (klammeformer) i nynorsk vert halde

ved lag.

Grunngjeving:

Landsmøtet i Noregs Mållag vedtok 28.04.02 ei fråsegn om normeringa av nynorsken.

Eit sentralt punkt i vedtaket var at skiljet mellom hovud- og sideformer burde haldast

ved lag i nynorsk. Vedtaket vart gjort med stort fleirtal etter ein sakleg debatt, og alle

dei vanlege "fløyane" i mållaget samla seg bak dette synet. Vedtaket gjekk òg mot det

opphavlege framlegget frå styret i NM, som var at normhierarkiet burde opphevast. Ein

viktig føresetnad for vedtaket var at ein ønskjer at nynorsken skal gje rom for

individuell og regional variasjon, og at verken "tradisjonelle" former eller regionale

særmerke skal stengjast ute frå norma. Vedtaket peikar i same lei som det synet andre

nynorskorganisasjonar har gjeve uttrykk for.

Eg er klar over at stemninga på seksjonsmøtet i Norsk språkråd 08.02. vart oppsummert

som eintydig positiv til å oppheva skiljet, og då er eg sjølv medansvarleg for det.

Likevel var dette eit "konsensusvedtak" og ikkje noko vedtak gjort ved formell

avrøysting. Då eg innleidde til diskusjon på landsmøtet i NM 27.04., gjorde eg greie for

stemninga og haldninga i nynorskseksjonen og mi eiga vurdering, men eg meinte

likevel at landsmøtet måtte kunne drøfta saka på fritt grunnlag: Ein språkpolitisk

organisasjon kan ikkje kjenna seg bunden av eit konsensusvedtak i Språkrådet, men må

ha lov til å uttala seg om dei grunnleggjande premissane. Heller ikkje i

nynorskseksjonen har det vore noka eintydig oppfatning av om Kulturdepartementet har

gjeve ein "invitt" eller eit "direktiv" om å oppheva normhierarkiet.

Den politiske realiteten i dette vedtaket – at det uttrykkjer haldninga til ei samla

målrørsle – må vegast mot det taktisk vanskelege i å halda ved lag eit skilje i

rettskrivinga som bokmålet går vekk frå – eit argument som har spela ei stor rolle i

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!