25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

220

Motframlegg (jf. 2.1.2.a og 2.1.2.b) e-verb kontra j-verb

Status i dag

setje [sette]

sitje [sitte]

temje [temme]

venje [venne]

Framlegg

1) Formene [sette], [sitte], [temme], [venne] går ut or rettskrivinga. (Grønvik,

Runnestø, Skadberg og Veka)

Normhistorikk/Skriftmålsgrunnlag

I 1938 fekk desse formene valfrie klammeformer: setje [sette], sitje [sitte], temje

[temme] og venje [venne].

Nynorsk frekvensordbok har registrert formbruken slik:

setje (283) / setta (8) / sette (som òg kan vera preteritumsforma) (382)

sitje (120) / sitte (25)

venje (1) / venne (0)

Formene temje [temme] var ikkje registrerte.

Vurdering

Bak framlegget ovanfor ligg denne vurderinga: Mange av dei hovudformene me har i

dag som har høg frekvens, er faneord som pregar det offentlege biltetet av nynorsken.

Det bør ikkje vatnast ut. Det kan skje når desse hovudformene no må tevla med

oppgraderte sideformer. Difor rår fire av medlemmene i referansegruppa til å ta desse

klammeformene ut av norma.

Konklusjon

Det er ikkje dokumentert noko behov for at desse verbformene bør takast inn i

rettskrivinga. Verbet setje er dessutan av dei aller mest produktive i norsk, med 42

samansetningar i siste utgåve av NOB og meir enn 150 i Dei nynorske ordsamlingane.

Både grunnverbet og mange av samansetjingane er høgfrekvente. Signalverknaden av

ei slik utviding av rettskrivinga ville også bli ei melding om ei kraftig tilnærming til

bokmål etter at den politikken offisielt er forlaten.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!