25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

22

1.4.3 Korleis er den faktiske variasjonen

I Rettskriving hos nynorskforfattarar (1995) undersøkte Lars S. Vikør i kor stor grad

valfridomen i rettskrivinga hadde vorte utnytta hjå 29 nynorskforfattarar, fordelte på tre

tiår: 1930-åra, 1950-åra og 1970-åra. Han peikte m.a. på at i-målet vart borte frå hans

tekstkorpus frå og med 1950-åra. Pronomenformene som hadde vist stor variasjon hjå

trettiårsforfattarane, var meir einsarta blant dei seinare generasjonane. Variasjonen i

infinitivsendingane heldt seg. Vikør registrerte ein tendens til konsolidering av

formbruken innanfor bøyings- og lydverket. Han omtalar substantiv og verb med

sideform utan j (bygge, sette, tenke osv.): Om lag halvparten av forfattarane i den siste

generasjonen (frå syttiåra) brukte hovudsakleg j-lause former, og dei stod også tidlegare

sterkare enn mange andre sideformer.

Åse Wetås (2001) undersøkte dei same einskildorda og bøyingskategoriane som

Vikør la til grunn, og funna hennar stemmer for det meste godt overeins med hans.

Formbruken i publiserte tekstar på nynorsk viste samla sett meir einsretting enn

mangfald. Heller ikkje avismateriala baud på større variasjon, for det viste seg å ikkje

vera så vanleg at lokalavisene vel former som ligg nær den lokale dialekten. Medvite

formval såg ut til å gjelda infinitivane og pronomenformene me og vi. Både i substantiv

og verb var det ein heilt eintydig tendens til bruk av hovudformer. For verbformer utan

j, [ringe], [bygge], var det noko større variasjon, jf. Vikør ovanfor, men hovudformene

var også her i fleirtal. Når det galdt inkjekjønnsformene auge, hjarte, øyre, var det elles

ein tendens til å blanda saman dei to bøyingsparadigma. Formbruken i upubliserte

tekstar var jamt over mykje meir ueinsarta enn i det publiserte tekstmaterialet. Wetås

fann ein god del fleire talemålsinnslag, arkaiske nynorskformer (i materiale frå eldre) og

ulike andre former som ligg utanfor rettskrivinga. I tekstane skrivne av eldre menneske

var sideforma på -i, [kui], av sterke hokjønnsord brukt, likeins langformer av verb (late)

og kløyvd infinitiv. Desse formene var meir eller mindre fråverande i tekstane skrivne

av barn og unge, som viste ein mest heilt eintydig bruk av hovudformer i bøyinga av

hokjønnssubstantiva, og ein sterk tendens til bruk av e-infinitivar (sjølv om a-infinitiv

òg fanst). Bokmålsinterferens fanst i begge teksttypane, særleg i det upubliserte stoffet.

Undersøkingane viste større variasjon i lydverkdelen enn i formverkdelen, men

tendensen til einsretting i formvalet galdt òg lydverket.

1.4.4 Korleis blir valfridomen formidla

Mange undersøkingar viser at korkje elevar, lærarar eller andre har oversyn over den

valfridomen som faktisk finst innanfor norma. Det viktigaste er her sjølvsagt den

manglande kunnskapen hjås lærarar. Elevar får ikkje den nødvendige rettleiinga om

breidda som norma tilbyd. Andre undersøkingar viser òg til tilfelle der elevar som

faktisk har lært seg kva dialektformer dei kan bruka, risikerer å få feil til eksamen fordi

sensor ikkje kjenner alle sideformene. Dermed kan den mangelen på bruk av valfrie

former som granskinga viser, rett og slett koma av at elevar ikkje ”tør” nytta

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!