25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

215

Motframlegg

Sterke verb med valfri infinitiv på utlydande trykktung vokal eller -de skal ha sterkt

perfektum partisipp. Svakt perfektum partisipp for denne verbgruppa går ut av

rettskrivinga (jf. detaljert framstilling av framlegg A og B i vedlegg 5 tabell 2).

Grunngjeving

Dei svake partisippa til desse verba vart gjorde til klammeformer i 2000-framlegget og

skulle dermed ikkje vurderast på ny. Føremålet var ei høgt tiltrengd forenkling av

verbsystemet, jf. vedlegg 5 tabell 2, som syner behandlinga i detalj for verbgrupper og

einskildverb.

Motframlegg til 2.2.4.g Valfri a-bøying, e-bøying og blanda bøying i verb med

tidlegare val mellom e- og a-bøying (typen brukar/bruker–bruka/brukte)

Motframlegg

I verb som etter rettskrivinga har både a- og e-bøying, kan ein nytta såkalla "blanda

bøying" (jf. til dømes Hellevik: Nynorsk ordliste (1996) s. 20).

Grunngjeving

På dette punktet - som elles ikkje gjeld rettskriving og derfor eigentleg ikkje har noko

her å gjere - eksisterer det ein praksis som har fungert bra i skulen i to-tre ættleder.

Teksten til framlegg A er som følgjer

"I verb som ein fører opp med både a- og e-bøying i ordlistene, treng ein ikkje

konsekvent halda seg til den eine eller andre bøyingsmåten i alle bøyingsformene av

same verbet."

Dette er så uklart ordlagt at det er vedtaksteknisk ubrukeleg.

Motframlegg til 2.2.4.h Verb med preteritum på -de eller -te

Motframlegg:

Verba som no har -de [-te] i preteritum, skal ha preteritum på -de i nynorsk rettskriving.

Den noverande sideforma på [-te] fell bort.

Merknad:

Framlegg 2.2.4.h omtalar også nokre verbformer som i dag er klammeformer, nemleg

[drømme], [gjømme], [glømme], [strømme] og [temme], [venne]. Vårt hovudframlegg er

at desse formene skal fjernast frå rettskrivinga, jf. og motframlegg til 2.1.1.b. Subsidiært

gjer vi framlegg om at desse verba får bøying som dømme.

Grunngjeving

I den noverande rettskrivinga er det ein god del verb som har preteritum på -de i

læreboknormalen, med preteritum på [-te] som sideform. Mellom desse høyrer mange

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!