25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

214

[nokor] går ut av rettskrivinga.

Grunngjeving

Båe pronomenformene nokon og [noen] blir brukte, men grunnlaget for [noen] er dårleg

i skriftleg nynorsk – etter meir enn 60 år i rettskrivinga. Forma har ikkje slått gjennom,

og bør gå ut or rettskrivinga.

Motframlegg til 2.2.4.a Infinitivsending på -a eller -e eller kløyvd infinitiv

Motframlegg

Innanfor nynorskrettskrivinga skal a-infinitiv og e-infinitiv vere valfrie. Kløyvd infinitiv

fell bort.

Grunngjeving

Kløyvd infinitiv er etter det punktgranskingane syner så og seie ikkje nytta hos barn

eller unge. Det finst først og fremst i upublisert tilfang og hos eldre nynorskbrukarar.

Sjølv om kløyvd infinitiv er eit markant talemålsdrag over store delar av landet, slår det

ikkje inn i skriftmålet lenger. Dei språkbrukarane som ser på kløyvd infinitiv som ein

så viktig identitetsmarkør at han må brukast, vil kunne gjere det i all målbruk som ikkje

er bunden av rettskrivinga.

Det er røynsle for at også a-inifinitiven står svakare i bruk enn ein skulle vente ut frå

utbreiinga i målføra, men a-infinitiven er eit sentralt målføredrag i ein stor del av

kjerneområdet for nynorsken, og dessutan ei hovudform som ikkje skal vurderast no.

Motframlegg til 2.2.4.b Kort- og langformer i infinitiv og utlydande -d i preteritum av

sterke verb (typen gle/glede, gje/gjeve)

Motframlegg

1 Nynorskrettskrivinga skal ha jamstelt kortform og langform i infinitiv i verb av

typen gle/glede, gje/gjeve, med unntak av [trede] og [bjode] som går ut (jf. pkt.

3.2.4.i og 3.2.4.j).

2 Sterke verb med både kort- og langform i infinitiv, skal i nynorskrettskrivinga ha

utlydande d i preteritum (jf. gleid). Preteritum med utlyd på rotvokal (typen glei) fell

bort.

Grunngjeving

Den utlydande -d-en i preteritum markerer gruppetilhøyrsle. Dette er verb som skil seg

frå vanlege stuttverb med stomnvokal i utlyd. Dei har stutt og lang infinitiv og anna

partisippbøying enn til dømes tru, flå.

Motframlegg til 2.2.4.e Sterkt og svakt presens og perfektum partisipp av sterke verb

som i infinitiv sluttar på trykktung vokal (typen dra – drege/dratt)

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!