Nynorskrettskrivinga - Språkrådet
Nynorskrettskrivinga - Språkrådet
Nynorskrettskrivinga - Språkrådet
You also want an ePaper? Increase the reach of your titles
YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.
210

mørkje [mørke] ( formørkje)

styrkje [styrke]

verkje [verke]

yrkje [yrke]

Verb med stomnutgang på -skj-

Det er 2 verbformer med stomnutgang -skj- i NOB. Båe har j-laus sideform og likeins

preteritum på -kte.

Hovudform Sideform Tilleggsopplysningar

ryskje [ryske]

treskje [treske] (skurd- el skurtreskje)

Motframlegg til 2.2.1.b Hankjønnsord på -ar/-er i fleirtal (benker/benkar, bunader/

bunadar, sofaer/sofaer)

Motframlegg

Hankjønnssubstantiv av typen benk, vegg skal ha valfri fleirtalsbøying -ar/-er.

Hankjønnssubstantiv på -nad og -a skal i nynorsk rettskriving ha fleirtal -er, -ene, som i

den noverande læreboknormalen.

Normeringshistoria for denne substantivgruppa viser vakling i fleirtalsbøyinga mellom

-ar og -er fram til 1959, da -er-bøyinga vart fastsett som eineform. Det er rimeleg å gå

ut frå at vaklinga hos dei som fastsette eller gav råd om rettskrivinga, hadde bakgrunn i

uttaletilhøve: ein skriven -d i utlyd vil normalt ikkje bli uttala i norsk. Dette ville gje ein

uttale /a–ar/, som ein ikkje såg som ønskjeleg, og som mange framleis misliker, jf.

merknad frå Kjell Venås til 2000-framlegget (30.11.99) om skriftformer som gjev to

påfølgjande a-ar:

"I tale vil uttale med éin a eller to ikkje skilja seg mykje. Det har med vellyd å gjera, og

eg minner om at vellydsomsyn var éin grunn til at nynorsk så lenge hadde månader og

villaer som eineformer."

Omfang. Talet på substantiv som får dobbel bøying om -er og -ar blir jamstelte, er

stort, og somme av desse orda er mykje brukte. Språkrådet har samla seg om at -nad er

eit parallelt suffiks til -ing, dvs at ein i prinsippet kan lage substantiv til alle

verbstomner med dette suffikset. Dermed er det potensielt ei stor ordgruppe. NOB har

(siste utgåve) om lag 70 hankjønnssubstantiv på -nad. Somme -nad-ord er svært vanlege

både i nynorsk og i bokmål (t. d. bunad, lovnad, søknad). Mange av avleiingane på -nad

er abstrakt som sjeldan eller aldri blir brukte i fleirtal (t.d. bygnad, fagnad, mognad,

saknad), eller kollektiv (fenad).