25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

204

Tilfanget for hand femner om meir enn 130 oppslagsformer berre for verb. Med

homografseparering og samansetningar vil eit vedtak omfatte fleire hundre verb.

Mellom dei er somme av dei mest frekvente og produktive verba i nynorsk. Alt dette

tilseier varsemd.

I tillegg kjem andre ordklassar med -j-laus sideform ved sida av verba. Den med flest

ord i seg, er svake hokjønnssubstantiv. Det er uråd å gje sikre tal for storleiken på ei slik

ordgruppe, men NOB har mellom 20 og 30 usamansette svake hokjønnsubstantiv på -

gje eller -kje. (Dei nynorske ordsamlingane har om lag 80.) Drøftingane nedanfor gjeld

likevel først og fremst verba, inndelt i grupper etter stomnutlyd (konsonantgruppa

framfor infinitivsendinga).

Tilfanget

Drøftinga nedanfor byggjer på ein gjennomgang av alle usamansette verb med infinitiv

på

-gje eller -kje som finst i databasen for siste utgåve av Nynorskordboka (NOB). Kvar

verbform er teken med ein gong, men kan representere opp til tre homografar

(likeskrivne ord) med svak bøying. Når ordet verbform er nytta nedanfor, er det av di

tilfanget ikkje er homografseparert i denne presentasjonen.

Delar av tilfanget som er teke med her, er ikkje kome med under grunngjevinga for

framlegg A. Det gjeld verb med stomnutlyd på -lkj, -rkj-, -skj-. Men sidan desse orda

fyller vilkåra for å reknast med i gruppa, er dei likevel tekne med her.

Sterk vs linn bøying

Somme av desse verba er sterke, men dei fleste er linne. Ein del har -a-bøying, men dei

fleste har -e-bøying, og innanfor den noverande læreboknormalen fordeler dei seg slik

at preteritum på -de er det vanlegaste for verb med stomnutgang på -g-, medan dei med

stomnutgang på -k- normalt har preteritum på -te. Dette er ein veletablert del av

systemet i rettskrivinga som har stått fast så lenge nynorsken har hatt ein vedteken

rettskrivingsnormal.

Mange av verba med preteritum på -gde kjem også inn under punkt 2.2.4.h, jf. også

motframlegg lenger ned.

Parverb

Ein del av desse verba er parverb til sterke verb med same stomnutgang, men utan -jframfor

infinitivsendinga. Dette draget er godt gjennomført innanfor læreboknormalen

og ein vel etablert pedagogisk regel som det er god grunn til å ikkje røre ved.

Dei ulike verbgruppene

Verb med stomnutgang på vokal eller diftong + -gj-

Dei fleste verba har berre hovudform, ikkje -j-laus sideform. Desse står oppførte i NOB:

bleigje, bægje, fløygje, høgje (med samansetningane for-, opphøgje), lægje, søgje,

vægje, øygje.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!