25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

203

Framlegg

1) Forma [dø] går ut av norma. (Grønvik, Runnestø, Skadberg, Veka)

Normhistorikk/Skriftmålsgrunnlag

Døy var ordboksform frå 1903. Døy med klammeforma [dø] vart teken inn i Ny

læreboknormal 1959. Nynorsk frekvensordbok har registrert former av døy 104 og av dø

8 gonger.

Vurdering/Konklusjon

Referansegruppa legg her fram eit delt framlegg. Framlegget frå Forfang, Sandøy og

Vikør går fram av punkt 2.1.1.b.

Tillegg til tekst under 2.1.2.a Ord med enkel eller dobbel m (typen gamal/gammal,

kome/komme, fridomen/fridommen)

I høve ord på -dom fråvik vi retningslinjene og går attende på 2000-framlegget som

følgjer

-dom m1 el -dommen -dommar > -dom m1 el [-dommen -dommar] > -dom m1 el -

dommen -dommar.

Motframlegg til 2.1.2.c. Former med og utan j etter g og k (typen tenkje/tenke,

bryggje/brygge)

Motframlegg

For ord med rotutlyd -gj- [-g-]; -ggj- [-gg-]; -kj- [-k-]; -kkj- [-kk-] i den noverande rettskrivinga,

fell sideformene med [-g-]; [-gg-]; [-k-]; [-kk-] bort.

Grunngjeving

I den gjeldande rettskrivinga for nynorsk er det ei stor gruppe verb som har infinitiv på -

gj- / -ggj / -kj / -kkj- + infinitivsending. Mange av desse verba har sideform i infinitiv

utan -j-, men slett ikkje alle. Dette er ei stor og mangearta verbgruppe, sentralt plassert i

verbsystemet for nynorsk på fleire vis, mellom anna når det gjeld inndelinga av verba i

klassar (ulike klassar svake verb: sterke verb versus svake) og i høve til

bøyingssystemet (samsvarsbøyinga).

I og med at verbgruppa ikkje er einsarta frå før, kan utviding av valfridomen på eitt

punkt få følgjer for systemet i nynorsk grammatikk som ein no ikkje har oversyn over,

og gje kjensle av systemoppløysing. Ei så gjennomgripande endring vil mellom anna

reise nye spørsmål om kva krav ein kan stille til konsekvens i gjennomføringa av

rettskrivingsval. Det som er visst, er at stoda blir mindre oversynleg enn ho i dag er for

det store fleirtalet av nynorskskrivarar, som stør seg på den noverande

læreboknormalen.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!