25.01.2015 Views

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

Nynorskrettskrivinga - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

201

god standardisering er at om folk i det heile legg merke til noko, så er det forbetring.

Men til sjuande og sist må avgjerdene takast i kvalifiserte fora, og ikkje berre ut frå det

omsynet at flest mogleg skal vere fornøgde. Nynorskseksjonen i Språkrådet skal vere eit

slikt kvalifisert forum for språkleg standardisering. Men det ville vere mykje å seie på

samansetjinga om ein ynskte seg ei representativ – i tydinga gjennomsnittleg –

brukarforsamling.

Det må også seiast at det ikkje er allmenn semje i referansegruppa om at Språkrådet

bør ta på seg ein generell rådgjevingsfunksjon når det gjeld såkalla husnormer (pkt

1.5.3), eller at første kvalitetsmål for slike husnormer skal vere forankring i lokalt

talemål. Noko anna er at (sekretariatet i) Språkrådet alltid vil vere viljug til å gje

synspunkt på slike spørsmål dersom spørsmåla kjem. Slik rådgjeving ligg til dei

ordinære arbeidsoppgåvene som Språkrådet alt har.

3 presentasjon og særleg grunngjeving for motframlegg 2.1.1.b–2.2.5.a.

Motframlegg til 2.1.1.b diftongar – monoftongar

Motframlegg

Dei orda som har valfridom mellom diftong og monoftong innanfor den noverande

læreboknormalen, skal halda på valfridomen. For ord med diftong som har sideform

med monoftong, fell sideforma bort.

Grunngjeving

Etter framstillinga i 2.1.1.b er det berre ord som har diftong au eller øy framfor m som i

dag har sideform (klammeform) med monoftong. I samband med andre konsonantar

finst det valfrie former med diftong eller monoftong, men sidan båe former er

hovudformer, vil båe bli ståande i den framtidige rettskrivinga.

Dei gamle diftongane i norsk er au, ei, og øy. Dei har halde seg godt i talemålet og

blir rekna som sentrale element også i nynorsk fonologi, slik dei òg kjem til uttrykk i

nynorsk skriftmål.

Framlegga i denne utgreiinga går i to leier når det gjeld diftong versus monoftong.

Såleis vart i 2000-framlegget ei rekkje på 6 ord med valfrie hovudformer med rotvokal

ei eller e omdefinerte slik at monoftongformene vart sideformer. Det er no sams

framlegg om at desse sideformene går ut or rettskrivinga, slik at diftongformene blir

eineformer, jf. pkt 3.3.2.a.

Når det gjeld au og øy, er det framleis slik at det store fleirtalet av ord i nynorsk med

ein av desse diftongane som rotvokalisme, er eineformer. Såleis har Nynorskordboka

(NOB) 70 ordformer med -øy- som rotvokal, men dei fleste av dei er heller sjeldsynte,

eller dei har same form på bokmål. Dei 9 som har jamstelt hovudform med -ø-, og dei 6

med sideform [-ø-], representerer eit systembrot i høve til nynorsk fonologi, men er

høgfrekvente og er dermed lett synlege. Dei nynorske ordsamlingane ved Universitetet i

Oslo har meir enn 260 usamansette verb med -au- som rotvokalisme, men frekvensen

gjer vel at dei har vore uinteressante i monoftongeringssamanheng.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!